Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Samlar elevar på tvers av grendene – Byggjer relasjonar og lærelyst Måndag 8. juni fekk Nesflaten skule besøk av elevar og lærarar frå Marvik og Jelsa skular. Besøket er del av samarbeidet Motivasjon og lærelyst, som s...
Sommarfest i Erfjord Kommunalt tilsette vart i går inviterte til Erfjord for sommaravslutning. Her trossa både både tilsette og lokale Erfjord-bedrifter regnbyger og fekk ...
Blåsjøvegen opnar onsdag 10. juni Onsdag 10. juni klokka 07:00 opnar bommen ved skisenteret på Gullingen.
Testing av Nødvarsel på mobil Onsdag 10. juni klokka 12:00 testar Sivilforsvaret sine varslingsanlegg. Då får du melding om Nødvarsel på mobilen din dersom den er kopla til 4g- ell...
Endring i Lyse si hurtigladarteneste Det er kome ei endring i korleis ein ladar Lyse sine hurtigladarar.
Suldal kommune ønskjer å kjøpe to rekrutteringsbustader på Ropeidhalvøya Suldal kommune ønskjer å rekruttera fleire innbyggjarar og treng dermed nøkkelferdige bustader på Ropeidhalvøya. Dei må ha minimum to soverom og skal ...
Ny episode av podkasten Kraftlaget - Syngande kommune med Tone Mari Sand og Åshild Vetrhus Kraftlaget er tilbake med ny episode! Denne gongen møter me Tone Mari Sand og Åshild Vetrhus frå prosjektgruppa for Syngande kommune i Suldal.
Spyling av Sand sentrum veke 23 Suldal kommune skal spyle Sand sentrum anten tysdag 2. juni eller onsdag 3. juni i veke 23. Arbeidet skjer om ettermiddagen og kommunen oppfordrar all...
Potetdag på Nesflaten skule Torsdag 28. mai fekk elevane ved Nesflaten skule besøke lærar Rannveig K Havrevoll og lære meir om poteter.