Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Politisk handsaming av barnehage- og skulebruksplanen Kommunedirektøren har lagt fram si tilråding til ny barnehage- og skulestruktur i Suldal kommune. Saka går no til politisk handsaming i kommunen sine ...
No kan du søkje kulturmidlar No er det klart for å søkje kulturmidlar i Suldal kommune. Privatpersonar, lag og organisasjonar blir inviterte til å sende inn søknad om støtte til a...
Ryfylkequiz: Finale 27. mai! I morgon, 27. mai 2026, går finalen i Ryfylkequizen av stabelen! Dette skjer på samfunnshuset på Hjelmeland, og du kan sjå finalen direktesendt her. D...
Kreative elevar I samband med avdukinga av skulpturen “Historier i hand” har kunstnar Inga S Søreide hatt workshop med tre ulike klassar frå barnetrinnet på Sand skul...
Søk om tilskot frå Regionalt kulturfond Vil di bedrift, ditt lag eller din organisasjon vere med å styrke og utvikle kulturliveti Rogaland? Då kan du søke om tilskot frå Regionalt kulturfond ...
Informasjon frå Statkraft om opning av Blåsjøvegen Informasjonen frå Statkraft er at vegen til Øvre Moen er stengd fram til 10. juni. Vegen vidare mot Førrevassdammen vert opna når snøen smeltar.
Avduking av "Historier i hand" Det skjer spanande ting utføre Suldal sjukeheim på fredag. Klokka 11.30 blir det nemleg avduking av skulpturen “Historier i hand”.
Klare for 17. mai-feiring i Suldal Det nærmar seg nasjonaldag, og rundt om i Suldal er førebuingane godt i gang. Både i skule og barnehage har små og store allereie fått ein smak av den ...
Endeleg rapport om barnehage- og skulebruksplanen er klar Suldal kommune har motteke den endelege rapporten frå Norconsult knytt til vidare utgreiing av barnehage- og skulebruksplanen. Rapporten, med tilhøyra...
Suldal kommune ser på framtidas leiarstruktur i skulen Suldal kommune ønskjer å legga til rette for gode og framtidsretta skular for elevane våre, med trygge og sterke fagmiljø. Som ein del av dette arbeid...