Avduking av "Historier i hand"Det skjer spanande ting utføre Suldal sjukeheim på fredag. Klokka 11.30 blir det nemleg avduking av skulpturen “Historier i hand”. Billedkunstnar og skulptør Inga S. Søreide har laga skulpturen - som handlar om minner, menneskemøte og spor me set i kvarandre gjennom livet. Han skal fungera som eit samlande symbol på omsorg, livserfaring og historiar mellom generasjonar. Skulpturen er forma som ei hand med organiske element og sirklar i vatn.I samband med avdukinga gjennomfører Søreide workshop med elevar frå Sand skule denne veka. Dei skal få jobbe med leire og utforske eigne historiar og uttrykk gjennom kunst. Verka til elevane blir også stilde ut på sjukeheimen fredag. Meir informasjon om arrangementet finn du her. Publisert 19.05.2026 14.38