Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Rapport frå ekstern vurdering - Jelsa oppvekstsenter, avd. barnehage 2026 Sauda, Suldal og Vindafjord samarbeider om kvalitetsutvikling i barnehage og skule. Ein del av dette arbeidet handlar om å vurdera kvarandre sin praks...
Landbruket i Rogaland sin hederspris 2026 Kven frå Suldal fortener heider i Rogaland for ein ekstra innsats i landbruket?
Suldal bad er mellombels stengt Grunna tekniske problem må Suldal bad halde stengt inntil vidare.Vi arbeider med å utbetre feilen og kjem med meir informasjon så snart vi veit når ba...
Vaksinering i Suldal kommune hausten 2026 Informasjon om vaksinasjon mot koronavirus, influensavirus og pneumokokker i Suldal kommune hausten 2026
Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 Kommunedirektøren presenterte 29. oktober sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.
Nå virkar kommune-TV som normalt Frå 10-11 fungerte ikkje Kommune-TV. Dei hadde utfordringar i heile landet og jobba med saka. Ein vil uansett kunne publisere kommunestyre i etterkant...
Sjukeheimen har fått nytt hovudnummer Nå har Suldal sjukeheim fått nytt hovudnummer for alle avdelingar: Nummeret er 52792362
Eigeberedskapsveka Å ha god eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritera dei som treng m...
Informasjon frå Kartverket om registrering av opplysningar om bygningar i eigedomsregisteret Kartverket sender nå ut melding til alle eigarar og festarar av bustader og fritidsbustader i Suldal kommune med informasjon om ein ny teneste. I denn...
Praksisstudentar på Sand skule Sand skule har underskrive intensjonsavtale med grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, og skulen gler seg over si første praksisgrup...