Foto: DSB
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap har definert tre viktige faktorar for årets beredskapsveke:
- Skaff deg ein beredskapsvenn (ein nabo eller liknande - beredskapsvennen din bør ha eit anna mobilabonnement enn deg, og tilgang til DAB-radio)
- Finn ut kva du treng for å klare deg ei veke utan straum
- Finn du kva du må gjere dersom mobilnettet ligg nede
Ved å vera førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg får du betre tid til å planleggja vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig.
Gode tips er å ha hovudlykt med batteri, kontantar, hermetikk og andre tørrvarer som kjeks og knekkebrød, vassdunkar og fyrstikker klare.
Hugs at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Ta turen innom DSB si nettside her og lær om eigenberedskap, og svar på spørsmål knytte til temaet