Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Synleg. Heile vegen. Refleks på - før du går. Til skulen. Til trening. Til ein ven. Synleg heile vegen.
Føredrag "Kvardagstrivsel" i samband med Verdsdagen for psykisk helse I samband med Verdsdagen for psykisk helse inviterer Suldal kommune og Mental helse Suldal til gratis føredrag på Kulturhuset i Suldal, torsdag 15. ok...
Bonolo Ramphomane-Aandahl har takka ja til stillinga som næringssjef. Suldal kommune er glade for å kunngjera at Bonolo Ramphomane-Aandahl har takka ja til stillinga som næringssjef. Ho tek med seg brei erfaring frå både ...
Varsel om planlagde Spyleflaumar i Suldalslågen I perioden fredag 16. oktober - fredag 30. oktober 2026
Suldal kommune og Mibau Stema samde om avtale for framtidig industriområde på Jelsa Suldal kommune og Mibau Stema Norge AS har inngått ein avtale som legg til rette for utvikling av eit nytt industriområde i den nordlege delen av dage...
Er du forfattar og bur i Suldal? Då kan du søkje på Rogaland fylkeskommune sitt Rogalandsstipend for forfattarar. Målet er å styrkje litteraturfeltet, betre forfattarøkonomien og gi f...
Trafikkmelding - Sand - Omkjøyring via Olavs plass Frå og med måndag 12.10.2026 blir det omkjøyring via Olavs plass til og frå Sand Sentrum.
Suldal kommune har levert 2. tertialrapport: – Slik ligg me an så langt i 2026 Kommunedirektøren har no levert forslag til det som heiter 2. tertialrapport for 2026. Men kva betyr eigentleg det?
RV. 13 – Førland bru, planid 201803, til offentleg ettersyn Statens vegvesen har i samråd med Suldal kommune utarbeidd forslag til reguleringsplan for rv. 13 Førland bru. Frist for innspel: 16.11.2026Regulering...
Play Design inviterer til brei involvering i arbeidet med ny merkevareprofil for Suldal Arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal er i gang. Gjennom brei involvering av næringsliv, reiseliv, grendautval og innbygg...