Bonolo Ramphomane-Aandahl har takka ja til stillinga som næringssjef.

Suldal kommune er glade for å kunngjera at Bonolo Ramphomane-Aandahl har takka ja til stillinga som næringssjef. Ho tek med seg brei erfaring frå både kommunal verksemd, privat næringsliv og lokalt utviklingsarbeid.

Bonolo har gjennom fleire år vore ein sentral aktør i utviklinga av Suldal Bad, der ho som leiar har vore med på å utvikla badet til ein attraktiv besøksstad og eit heilårs reiselivsmål. I løpet av seks år har besøkstalet auka med over 192 prosent.

Ho har også erfaring som gründer og eigar av Drøs AS, og har arbeidd med mellom anna forretningsutvikling, økonomi, finansiering, arrangement og sentrumsutvikling. Gjennom engasjement i næringsforeininga og anna lokalt utviklingsarbeid har ho opparbeidd seg eit breitt nettverk og god kjennskap til næringslivet i Suldal.

– Me er svært glade for at Bonolo har takka ja til stillinga. Ho har ein spanande og allsidig bakgrunn, og kombinerer erfaring frå kommunal verksemd med praktisk forståing for privat næringsliv. Ho har vist at ho evnar å sjå moglegheiter, byggja relasjonar og omsetja idear til konkrete resultat. Dette er eigenskapar me meiner blir viktige i rolla som næringssjef, seier kommunalsjef Svein Carlos Gjil.

 

Viktig rolle i utviklinga av Suldal

Suldal står framfor fleire spanande utviklingsmoglegheiter i åra som kjem. Store industrietableringar, rekruttering, busetjing og lokal verdiskaping vil vera sentrale tema i næringsarbeidet. Samstundes blir det viktig å leggja til rette for vidare utvikling av det eksisterande næringslivet og nye etableringar.

Som næringssjef vil Bonolo få ei sentral rolle i kommunen sitt strategiske arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Ho skal bidra til å utvikla og gjennomføra strategiar og prosjekt, leggja til rette for nye investeringar og vera eit viktig bindeledd mellom kommunen, næringslivet og regionale samarbeidspartnarar. Ho startar opp i stillinga 1.desember.

– Me ønskjer ein næringssjef som både ser dei store linjene og har evne til å få ting til å skje. Bonolo har vist at ho kan byggja relasjonar, samla folk rundt felles mål og skapa resultat. Ho har erfaring frå både offentleg og privat sektor, og me meiner denne kombinasjonen blir verdifull i det vidare utviklingsarbeidet i Suldal, seier kommunalsjef Svein Carlos Gjil.

 

Tydeleg rolleavklaring

Bonolo har i dag eigarinteresser i Drøs AS. For å sikra tydelege roller og førebyggja interessekonfliktar har kommunen og Bonolo inngått ein eigen skriftleg avtale om rolleavklaring som del av arbeidsforholdet.

Sjå vedlegg til arbeidsavtala her (PDF, 65 kB)

 

Avtalen inneber at Bonolo kan behalda eigarinteressene sine i Drøs AS, men at ho ved tiltreding skal trekkja seg ut av den daglege drifta, styret og andre operative roller i selskapet. Eigarinteressene skal vera passive så lenge ho er næringssjef.

Avtalen stiller også krav til openheit om andre verv og interesser, og til at spørsmål om habilitet blir avklarte med næraste leiar.

– Dette har vore eit tema me har hatt ein god og open dialog om gjennom tilsetjingsprosessen. For kommunen er det viktig å sikra tillit til at alle næringsaktørar blir møtte på likeverdige vilkår. Me meiner at me gjennom denne avtalen har fått på plass ei god og tydeleg rolleavklaring, seier Gjil.