Er du forfattar og bur i Suldal?
Då kan du søkje på Rogaland fylkeskommune sitt Rogalandsstipend for forfattarar. Målet er å styrkje litteraturfeltet, betre forfattarøkonomien og gi fleire nye forfattarstemmar moglegheita til å utvikle seg.
Stipendet delast ut til etablerte forfattarar, debutantar og forfattarar i etableringsfasa med bustad i Rogaland.
Finn søknadsskjema og les meir om kriterium for å søkje på Rogaland fylkeskommune si heimeside.
Søknadsfristen er 15. oktober.
Unsplash.com//Nick Morrison
Publisert 09.10.2026 14.44