Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Kong Harald V er død Det er med stor sorg me i dag har motteke meldinga om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.
Påminning om å søke barnehageplass for januar Hugs å søke barnehageplass for januar. Fristen er 1. september.
Ny mellombels organisering av strategisk leiargruppe Frå og med torsdag 27.august er det ny mellombels organisering av den strategiske leiargruppa i perioden fram til ny kommunedirektør er på plass.
Kjempespringfrø - Gi oss beskjed dersom du ser denne planta! Kjempespringfrø er ei uønskt framandart som spreier seg raskt og fortrengjer annan vegetasjon. No står planta i full blom, og me ønskjer tips dersom d...
Ny episode av podkasten Kraftlaget - å flytta heim, med Magnhild Håranes Eide og Anna Larsen Vaage Korleis er det å flytta heim igjen? Kva skal til for at fleire flyttar til Suldal? Og kva er det eigentleg å finna på uti grendene?
Snart skulestart - på tide å øve seg på skulevegen Det nærmar seg skulestart og for mange er det godt å friske opp korleis å vere ein god trafikant - både dei som har hatt lang sommarferie, og dei som ...