Blomane er nokre centimeter store og finst i ulike rosafargar. Planta kan ha alt frå éin blom til eit stort tal blomar. Ho er vanlegvis rundt éin meter høg, men kan variere frå 10 centimeter til 3 meter. Stengelen er grøn eller raudleg, hol og sprø. Blada har taggete kantar. Planta er eittårig og spreier seg berre med frø. Rotsystemet er derfor dårleg og planta er enkel å dra opp.
Kjempespringfrø er vurdert til SE – svært høg risiko på Framandartslista. Årsaka er at arten spreier seg lett og kan danna store, tette bestandar som fortrengjer annan vegetasjon. Han trivst særleg godt i fuktige område, som grøftekantar og langs bekkar og elvar, men kan også veksa andre stader. Frøa spreier seg med vatnet i bekkar, og derfor kan ein ofte sjå at planta veks over lange strekningar langs vassdrag.
Planta har tidlegare vore ein populær hageplante og er importert frå Himalaya. Etterkvart har han rømt frå hagar og spreier seg no i stor fart enkelte stader. No er den blant plantene som er forbode å selja. Dumping av hageavfall i naturen, flytting av jordmassar eller ukritisk deling av hageplantar bidreg til spreiinga.
Har du planta på eigen eigedom, bør du dra dei opp med rota før dei dannar frøkapslar og levera som restavfall.
Har du sett kjempespringfrø i Suldal?
Suldal kommune ønskjer hjelp frå innbyggjarane til å kartleggja førekomstar av kjempespringfrø. Me set stor pris på tips om nye veksestader.
Her veit me om den frå før:
- Fleire stader på Ropeidhalvøya (Finnvik, området Grytevatnet-Marvik, Tveita), men tar gjerne imot fleire tips her
- Steine
- Hylen
- Lali
Er det fleire stader me har oversett?
Slik melder du inn observasjonar
Ta bilete av planta og oppgje tydeleg stadfesting. Aller helst markert på kart, men adresse er eit alternativ. Send bileta og informasjonen på e-post til postmottak@suldal.kommune.no
Du kan og registrere observasjonen sjølv på artsobservasjoner.no, dersom du har høve til det.
Takk for hjelpa!
PS! Observasjonar av andre uønskte artar, som til dømes parkslirekne, kan meldast inn på same måte.