Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Tildeling av kulturstipend 2026 Er du ein ung og lovande idrettsutøvar, eller kjenner du nokon som er det? No kan du søkja på Suldal kommune sitt kulturstipend på 15.000 kr!
Høyring: Gravplassvedtekter Gravplassane er viktige fellesområde som skal forvaltast på ein verdig, ryddig og respektfull måte. Gjeldande vedtekter treng oppdatering for å vere i ...
Forsinka levering av influensavaksinar Tidlegare år har kommunen motteke influensavaksinane i oktober. I år er det venta at leveransen først kjem i midten av november.
Årets TV-aksjon Årets TV-aksjon er søndag 18. oktober, og i år går innsamlinga til NRC Flyktninghjelpa. Dei hjelper menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsja...
Eldreveka 2026 I samband med Verdsdagen for eldre 1. oktober vert Eldreveka 2026 arrangert i veke 40. Det vert halde ei rekkje ulike digitale førelesingar om alt frå ...
Verdsdagen for sjølvmordsførebygging I dag, 10. september, er det verdsdagen for sjølvmordsførebygging.
Gravferda til HM Kong Harald V visast på kulturhuset Det vert felles visning av gravferda til HM Kong Harald V i kinosalen på kulturhuset i dag, onsdag 9. september klokka 13:00. Dørene opnar klokka 12:0...
Viktig trafikkmelding: Stenging av Sandsvegen til Sand sentrum Sandsvegen ned mot Sand sentrum stenger mandag 14. september fra kl. 07:00 til fredag 18. september kl. 18.00 på grunn av asfaltering. Omkjøring til S...
Frivilligkonferansen 2026 Tysdag 22. september og fredag 29. september Kl. 19:00 - 21:00, Kulturhuset i SuldalVil laget ditt bli meir synleg, og jobbe litt smartare?