Frå Skattkammeret Suldal til Suldal
Suldal kommune har sidan 2007 nytta merkevara Skattkammeret Suldal som felles profil i arbeid med reiseliv, omdømme og tilflytting. Tida er no moden for ei oppdatert og meir samlande merkevare. I kommunestyre i desember 2025 vart det vedteke at Suldal kommune skal endra avsendarprofil frå Skattkammeret Suldal til Suldal, med støtte frå omgrepet Suldalskrafta som identitetsberar og forteljing. I dette arbeidet skal ein blant anna legge vekt på brei involvering av blant anna næringsliv, reiseliv og innbyggjarar. (Vedtak i kommunestyre K-092/25).
I gong med djupneintervju
Førre veka starta Play Design arbeidet med djupneintervju blant aktørar innan reiseliv og næringsliv. I tida framover skal også grendautval og innbyggjarar involverast. Mellom anna vil det bli sendt ut ei digital spørjeundersøking, og me håpar så mange som mogleg vil dele sine tankar og erfaringar. Brei involvering er viktig for å sikra eit godt kunnskapsgrunnlag og ei truverdig, samlande merkevare for Suldal.
Frå ventre; Mats Losvik, Ken Bakke, Kjell Inge Torgersen frå Play Design, rektor på Gullingen leirskule Jan-Erik Kristensen og Aud Helen Eike Erdal frå Play Design. Bilete vart teke då Play Design besøkte ulike einingar i kommunen. Gullingen Leirskule er ein stad mange møter Suldal for første gong.
Bente Tednes Gjil
Play Design, som held til i Stavanger, har jobba i nærare 20 år med merkevarebygging der ein blant anna har jobba med Sola kommune og Randaberg kommune. Eigarar av Play Design er Aud Helen Eike Erdal og Ken Bakke.
Play Design gjorde også eit arbeid for Suldal kommune på nyåret 2025 der fokuset var på blant anna rekruttering som ein del av "Framtidas Suldal". Dette forprosjektet skulle gje eit betre kunnskapsgrunnlag for moglege retningar for vidare arbeid med profilering, omdømme og korleis kommunisere Suldal som stad å bu, arbeida og besøke. Innsiktsnotat vart lagt ved som eit vedlegg då det var sendt ut konkurranse for arbeidet med omprofilering slik at alle som sendte inn eit tilbod skulle ha kjennskap til dette arbeidet.
Play Design vart valde, og det er eit audmjukt designbyrå som gler seg til oppdraget;
"Me skal ikkje komme "frå byen" for å bestemma noko, me er opptekne av å lytte og observera og saman med eit breidt utval komme fram til ei truverdig og samlande merkevare. Det er viktig å seie at ingen ting er bestemt, men me skal arbeide i tråd med vedtaket om at Skattkammeret Suldal går over til Suldal med kraft som ein identitetsberar. Dette blir eit spanande arbeid!" seier Aud Helen.