Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Har du lyst å forstå barnet ditt endå betre, og få litt meir ro i foreldrekvardagen? No startar me opp eit nytt kurs i Trygghetssirkelen (COS‑P), og me håpar du vil vera med. Dette er eit kurs for heilt vanlege foreldre, som gjer så go...
Gullingen leirskule feirer 40 år! I august 1986 tok Gullingen leirskule i mot dei første elevane på leirskulen. 40 år har gått sidan den gong, og leirskulen har hatt gleda av å ta med ...
Siste året med stipend til elevar ved Sauda vidaregåande skule Sidan skuleåret 20/21 har Suldal kommune delt ut stipend til elevar frå Suldal som har gått ved Sauda vidaregåande skule. Ordninga vart oppretta for å ...
Informasjon frå Statkraft om stenging av Blåsjøvegen Statkraft sitt anleggsarbeid fører til stenging av delar av Blåsjøvegen. Vegen er stengd ved Øvre Moen på vekedagar, medan strekninga ved Førreskar er ...
Takk frå Suldal sjukeheim Suldal sjukeheim vil retta ein stor takk til alle som har vore med og gitt bebuarane våre glede i kvardagen gjennom song, musikk, andakt, gode samtala...
To viktige planar på høyring i Suldal – no kan du seia di meining Eining bygdeutvikling har for tida to sentrale saker ute på offentleg høyring. Desse planane vil leggja premissar for korleis Suldal skal utvikla seg ...
Suldalerklæringa løfta til nasjonalt nivå – åtte råd for betre kraftprosessar og meir tillit Skal Noreg få meir kraft, må me også byggje meir tillit. Det var hovudbodskapen då ordførar Mads Drange nyleg overrekte Suldalerklæringa til energimin...
Endringar i barnehage og SFO frå 1. august 2026 Det er vedteke nye vedtekter for barnehagane og ny forskrift for skulefritidsordninga (SFO). Endringane trer i kraft frå 1. august 2026, og skal gi ei...
Rekrutteringsdagar for 8. og 9. trinn Tysdag 16. juni og onsdag 17. juni fekk elevar frå 8. og 9. trinn ved Sand skule boltra seg på Gardaneset. Med besøk hjå Suldal Bygg og Teknisk Drifts...