Endringar i barnehage og SFO frå 1. august 2026

Kommunestyret i Suldal har vedteke nye vedtekter for barnehagane og ny forskrift for skulefritidsordninga (SFO). Endringane trer i kraft frå 1. august 2026, og skal gi eit meir føreseieleg tilbod for familiane – samstundes som kommunen legg til rette for betre ressursbruk. 

Meir føreseielege tilbod gjennom året

Både i barnehage og SFO blir det no gjort endringar som skal gi føresette betre oversikt over tilbodet gjennom året.  

I barnehagane blir det innført fast sommarstenging i to veker, noko som erstattar dagens ordning der stenging har blitt vurdert frå år til år.  

I SFO blir det også gjort justeringar i ferietilbodet. Mellom anna blir det ikkje lenger ope på julaftan og nyttårsaftan, og tilbodet i feriar kan i større grad bli samla på ein annan skule ved behov.  

Dette gir mindre fleksibilitet enkelte dagar, men skal gjere det enklare å planlegge for både familiar og tilsette.  

 

Barn med bok - Klikk for stort bileteBarnehagebarn Elisabeth Bjørkhaug

Tidlegare fristar for å søke plass

For både barnehage og SFO blir søknadsfristen flytta fram frå 1. mars til 1. februar. Endringa gir kommunen betre tid til å planlegge tilbodet før nytt barnehage- og skuleår, til dømes når det gjeld bemanning og organisering.  

 

Plassordningane

I barnehagen går ein bort frå ordninga med 3-, 4- og 5-dagars plass. Frå no av blir alle barn tildelt 5-dagars plass, i tråd med nasjonal makspris på barnehageplass.

Foreldre kan framleis avtale kortare oppmøte, men betaler for full plass.

I SFO blir det også gjort endringar i plassordningane. Det blir færre valmoglegheiter for deltidsplass, og tydelegare opplegg for feriepakkar. Føresette må i større grad velje faste feriepakkar på førehand.  

 

Endringar i opning og stenging

Barnehagane vidarefører ordinær opningstid frå kl. 07.00-16.30, men vil vere stengde på enkelte dagar:

  • julaftan
  • nyttårsaftan
  • onsdag før skjærtorsdag

 

Dette gjer det mogleg for barnehagane å hente inn tid til personalmøte utan bruk av overtid eller avspasering.

Foreldre med turnusarbeid eller lang reiseveg kan søke om utvida opningstid på 15 minutt før eller etter.

I SFO blir det liknande avgresingar i tilbodet i feriar og på høgtidsdagar.  

 

Målet med endringane

Kommunen ventar at endringane skal:  

  • Gi meir føreseielegheit for familiane
  • Gjera det enklare å planlegga kvardagen
  • Sikra betre bruk av ressursar

For barnehagane er det og venta at endringane skal gi reduserte kostnadar, mellom anna gjennom mindre behov for vikarar og betre planlegging av ferieavvikling.  

 

Les meir her

Endringane er gjeldande frå 1.8.26

Nye barnehagevedtekter

Nye forskrifter SFO