Målet til leirskulen er å gje elevane gode naturopplevingar, samt god læring i og om naturen, gjennom det enkle tradisjonelle friluftslivet.
Ei veke på leirskulen gir felles naturglede og stor livsmeistring i det sosiale samspelet denne veka på leirskule gir. Rektor på Gullingen leirskule, Jan-Erik Kristensen, meiner leirskuleveka er viktigare enn nokon gong og er ei motvekt til vår digitaliserte verd.
I samband med 40årsjubileet inviterer Gullingen leirskule til familiedag laurdag 15. august! Frå klokka 11 til klokka 14 vert det aktivitetar for store og små, blant anna bingo-orientering, naturquiz, skogstur til Driftaskar, bekkevandring, omvisning på anlegget og mykje meir. Arrangementet er gratis og alle er hjarteleg velkomne!
Program for 40-årsjubileet.
Gullingen leirskule // Suldal kommune