Har du lyst å forstå barnet ditt endå betre, og få litt meir ro i foreldrekvardagen?

No startar me opp eit nytt kurs i Trygghetssirkelen (COS‑P), og me håpar du vil vera med. Dette er eit kurs for heilt vanlege foreldre, som gjer så godt dei kan kvar dag. Du treng ikkje streva eller ha utfordringar for å delta – nysgjerrigheit og ønskje om å forstå barnet sitt litt betre er meir enn nok.

Praktisk informasjon

  • Grendasenteret i Erfjord
  • Oppstart tysdag 1. september 
  • Tysdagar kl. 17:15 - 18:45
  • 8 samlingar
  • Gratis
  • Påmeldingsfrist: 24. august 

 

Denne hausten er Alma og Sofie kurshaldarar. Saman skapar me ei trygg gruppe der du kan senka skuldrane og kjenna at du ikkje er åleine.

Påmelding til kurset hausten 2026 finn du her! 

Cos-rettleiarane - Klikk for stort bileteCOS-rettleiarar f.v: Ingunn Stokka, Irma R. Heidarsdottir, Alma Eyfjord Hiim, Helga Nessa, Sofie H. Hårajuvet og Linda M. Rugland. Anne Lise Pedersen var ikkje med då bildet vart tatt. Suldal kommune

 

Tidlegare foreldre seier:

«Ein lærer av kvarandre»

«Eg kjenner meg ikkje åleine»

 

Varmt velkommen!

 

Spørsmål? 

 Ta kontakt med helsestasjonen.

Lenke til meir informasjon

Kontakt

Helsestasjonen
Jordmor, Helsesjukepleiar, skulehelsetenesta
Telefon 52 79 23 10

Kontaktinformasjon til deg som har spørsmål om blant anna: 

  • Jordmor
  • Helsesjukepleiar
  • Skulehelsetenesta

 

Les meir på nettsida vår

Sofie Hebnes Hårajuvet
Telefon 40 43 59 07