Om ordninga
Gjennom ordninga kunne elevane få utbetalt 10 000 kr. årleg, fordelt på 1 000 kr per månad frå september til og med juni. Totalt 4,5 millionar over seks år
I løpet av dei seks skuleåra ordninga har vore i drift, har kommunen til saman delt ut om lag 4,5 millionar kroner i stipend.
Skuleåret 25/26 er siste året med stipend
Stipendordninga er ikkje vidareført i årets budsjett, og skuleåret 2025/2026 er difor siste året ordninga gjeld. Frå og med skuleåret 2026/2027 vil det ikkje vera mogleg å søkja om stipend frå Suldal kommune til vidaregåande opplæring ved Sauda vidaregåande skule.