Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030Kommunedirektøren presenterte 29. oktober sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.Turid Vaage Omega 365 Design Suldal kommune går inn i 2027 med eit godt økonomisk utgangspunkt. Kraftinntektene har gitt kommunen eit handlingsrom som gjer det mogleg å både investere i tenester og utvikling, samstundes som ein byggjer reservar for framtida.Samtidig er delar av inntektsgrunnlaget sårbart for endringar. Ein viktig balanse for kommunen er å nytte handlingsrommet klokt og sikre evna til å tilpasse seg dersom føresetnadane endrar seg.Økonomiplanen for perioden 2027–2030 byggjer i hovudsak vidare på tidlegare vedtak og prioriteringar. Hovudvekta ligg på å gjennomføre tiltak som allereie er vedtekne eller sette i verk, og å sikre god styring og vidare utvikling av kommunen sine tenester.Trass i eit godt økonomisk utgangspunkt står kommunen overfor dei same utfordringane som mange andre kommunar. Utgiftene aukar meir enn inntektene, og prognosane viser at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem. Det gjer det nødvendig å arbeide vidare med omstilling, utvikling og prioritering for å sikre eit berekraftig tenestetilbod og ein økonomi som står seg over tid.Budsjettforslaget skal no behandlast politisk før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Du kan sjå opptak frå presentasjonen her. Les heile budsjettframlegget her. Publisert 29.10.2026 18.24
Suldal kommune har donert brannbilar til Ukraina Suldal kommune har fasa ut to brannbilar frå stasjonane i Jelsa og Suldalsosen. Bilane er i god stand og har gått relativt kort. Istaden for å selje d...
Suldal kommune i dialog med ukrainske Tyahyn om framtidig partnarskap Fredag 3. oktober hadde Suldal kommune eit digitalt møte med den ukrainske kommunen Tyahyn. Målet med møtet var å utforske moglegheiter for eit kommun...
Suldal kommune i dialog med Haugaland Kraft og Fagne 8. oktober hadde Suldal kommune eit godt og lærerikt møte med Haugaland Kraft og Fagne AS. Tema var korleis me saman kan løyse utfordringar og gripe m...
Vil bedrifta di bidra til integrering? Arbeidsplassen er den viktigaste integreringsarenaen for vaksne flyktningar. Men me veit at mange arbeidsgivarar er usikre: Kor mykje ekstraarbeid er ...
Er du veteran frå internasjonale operasjonar og oppdrag som bur i Suldal? Veteranar for internasjonale operasjonar og oppdrag er du varmt velkomne til uformelle samlingar på Suldal Bad kvar måndag kl. 12–13, med oppstart mån...
Ny sommarepisode av Kraftlaget er ute! Treng du noko lett, nært og ekte i øyra mens du nyt sola? I denne episoden av Kraftlaget tar Bente og Elisabeth deg med på ein sommarspesial som bestå...
Årets Gladmat-opplevelse er Matskattar i Suldal! I kategorien Beste Gladmat-opplevelse har juryen kåra Matskattar frå Suldal. Ein har utmerka seg både med ekte matglede, varme møte og eit smittande e...
Suldal er med i eit storstilla kommunesamarbeid innan helse Saman med over 20 kommunar skal Suldal skaffa nytt pasientjournalsystem. Kontrakten har ein samla verdi på 600 millionar kroner, og er no ute på anbod...
Hagerømlingar - unngå at hageplantane dine spreier seg i naturen No er det høgsesong for hagearbeid! Me har lange tradisjonar med å pynta i hagar og parkar med prydplantar som gjerne opprinneleg kjem frå andre delar ...