Suldalerklæringa løfta til nasjonalt nivå – åtte råd for betre kraftprosessar og meir tillit

Skal Noreg få meir kraft, må me også byggje meir tillit. Det var hovudbodskapen då ordførar Mads Drange nyleg overrekte Suldalerklæringa til energiminister Terje Aasland i Oslo.

Suldalerklæringa samlar dei viktigaste innsiktane frå konferansen «På innsida av krafta» 2026, der sentrale aktørar frå kraftbransjen, forvaltning og lokalsamfunn møttest på Nesflaten og i Hylen. Resultatet er åtte konkrete grep som kan gi betre prosessar, sterkare lokal legitimitet og større gjennomføringsevne i framtidige kraft- og nettprosjekt.

Frå Suldal til nasjonal energidebatt

Med overrekkinga til energiministeren er arbeidet løfta frå lokale samtalar til den nasjonale energidebatten. For Suldal er dette ei viktig anerkjenning av rolla kommunen har som Noregs største kraftkommune og av erfaringane som har blitt bygde opp gjennom generasjonar. Dette handlar om meir enn kraftproduksjon. Det handlar om korleis lokalsamfunn blir involverte når store prosjekt skal planleggjast og gjennomførast.

Ein ny samfunnskontrakt for kraftutbygging

Suldalerklæringa tek til orde for det som under konferansen vart omtalt som ein ny samfunnskontrakt for kraftutbygging. Målet er ein modell som er betre tilpassa dagens behov, dagens kommunar og eit energisystem i rask utvikling.
Gjennom erklæringa blir det løfta fram åtte hovudgrep – råd som kan bidra til:

  • meir openheit og betre involvering av lokalsamfunn
  • tydelegare og meir føreseielege prosessar
  • betre samarbeid mellom lokale og nasjonale aktørar
  • større tillit i planlegging og gjennomføring av prosjekt

 

Felles for grepa er at dei tek utgangspunkt i erfaringar, diskusjonar og refleksjonar frå konferansen – der ulike perspektiv fekk bryne seg mot kvarandre i opne og ærlege samtalar.

Bygd på brei deltaking

Arbeidet med Suldalerklæringa starta allereie i fjor med ein ambisjon om å samle nokre av dei viktigaste stemmene i den norske kraftdebatten i Suldal. Rundt borda i Nesflaten og Hylen vart det delt kunnskap, utfordringar og synspunkt – og ikkje alltid semje.
Likevel er det nettopp breidda av perspektiv som har gjort erklæringa sterk.
Mange av innspela frå konferansen kjem att i konkrete formuleringar i erklæringa, medan andre har påverka retninga og heilskapen i dokumentet.

Starten på neste fase

Sjølv om erklæringa no er overrekt, markerer det ikkje slutten på arbeidet, berre starten på neste fase.
Under Arendalsuka inviterer Suldal kommune til arrangementet «På innsida av krafta – frå ord til handling». Her er ambisjonen å ta steget vidare frå prinsipp til praksis: Korleis kan dei åtte grepa faktisk gjennomførast i kommande prosjekt?
Arrangementet går føre seg om bord på Ryger Elektra onsdag 12. august kl. 09.00, og samlar fleire av aktørane som deltok på konferansen.

Eit bidrag til framtida

Suldalerklæringa er meint som eit konkret bidrag til korleis Noreg kan utvikle framtidas energipolitikk – med betre balanse mellom nasjonale behov og lokale interesser.
For i takt med aukande behov for kraft, aukar også behovet for tillit.

Les Suldalerklæringa i fulltekst
 

Kontakt

Profilbilde av Mads Drange
Mads Drange
E-post
Telefon 4799254543
Mobil 99 25 45 43
Anne Marie Lofthus
E-post
Telefon 95 24 11 68
Mobil 95 24 11 68