Rekrutteringsdagar for 8. og 9. trinn

Tysdag 16. juni og onsdag 17. juni fekk elevar frå 8. og 9. trinn ved Sand skule boltra seg på Gardaneset. Med besøk hjå Suldal Bygg og Teknisk Driftseining i kommunen sit forhåpentlegvis mange att med eit godt inntrykk av kva moglegheiter som finst i bygg- og anleggsbransjen. 

Rytopp har saman med bygg- og anleggsbransjen alliert seg for å rekruttera fleire ungdomar til yrket. Kvart år blir 8., 9. og 10. trinn ved Sand skule inviterte til ein fagdag i regi av Rytopp. I år fekk 10. trinn besøk på skulen, mens 8. og 9. fekk kvar sin dag på Gardaneset - først besøk hjå Suldal Bygg der dei fekk bruke plassen til å snikre, og så eit besøk hjå teknisk etter lunsj for å lære meir om avdelinga. 

Besøk hjå Suldal Bygg

8. trinn laga blomekassar, og 9. trinn laga piknikbenkar. Bente Kjos-Wenjum ved Rytopp seier målet er å lage eit godt produkt elevane kan ta med att til skulen for å beise eller måle. Etterpå kan dei selje kassane og benkane. Inntekta kan til dømes gå til klassetur, noko som kanskje gir ekstra motivasjon for å lage eit fint produkt. 

Det er elevar ved Arbeidslivsfag som desse dagane er med på Gardaneset. Dei blir delte i grupper der kvar gruppe får ein gruppeleiar - anten ein elev frå 1. klasse ved bygg- og anleggslinja ved Sauda vidaregåande skule, eller lærlingen i Suldal Bygg, Eric Andreas Moe. Gruppeleiarane er med og visar ungdomsskuleelevane korleis dei bruker diverse verktøy og er med og rettleiar til eit ferdig produkt. 

Det er tydeleg at aktiviteten fell i smak, elevane er frampå og interesserte. 

Christian Smithson ved Suldal Bygg seier at “det er kjempekjekt med besøk frå ungdomsskulen. Det er viktig å rekruttera ungdomen!”

Snikring hjå Suldal Bygg - Klikk for stort bileteSnikring hjå Suldal Bygg

Besøk hjå Teknisk Driftseining 

Etter ein god pizzalunsj er det duka for besøk hjå Suldal kommune, teknisk avdeling. Her får dei lære litt om dei ulike arbeidsoppgåvene teknisk har. Bjarte Aas nemner nokre utdanningar du kan ta for å jobbe i teknisk, til dømes maskinførar, bonde, tømrar, mekanikar, gartnar eller industrimekanikar. Han seier også at du kan jobbe i teknisk dersom du er utdanna noko heilt anna - anten det er frisør eller sjukepleiar! Så lenge du har eit auge for det praktiske er du godt på veg. 

Ungdomane får gå rundt og kikke på dei ulike maskinane og utstyret til teknisk. Her er alt frå brannbil og can-am til kantklyppar og snøfresar. Ungdom frå 16 år og oppover kan søkje sommarjobb i denne avdelinga. Her kan ein jobbe med reinhald eller jobbe utandørs - klypping av gras, plante blomar eller måle veggar. 

Besøk hjå teknisk - Klikk for stort bileteBesøk hjå teknisk

Arbeidslivsfag

Er eit tilvalsfag på ungdomsskulen. Det vil seie at du anten kan velje språkfag eller arbeidslivsfag. Terje Gundersen, lærar i arbeidslivsfag, fortel at det er eit populært fag med mange elevar. 

Gjennom skuleåret plar dei dele seg i tre grupper - ei gruppe er på sløyden, ei er i skulehagen, og ei er på kjøkkenet/i kantina - og så rullerer dei. Det er variert arbeid og elevane får mange ulike erfaringar. Dei lærar blant anna om samarbeid og HMS - og fokuset er å få prøve seg. 

Det er eit godt avbrekk frå ein elles teoretisk skulekvardag, og elevane kjenner på meistring av å vere med i prosessen med å lage noko frå start til slutt. 

Sjå video frå rekrutteringsdagane