To viktige planar på høyring i Suldal – no kan du seia di meining

Eining bygdeutvikling har for tida to sentrale saker ute på offentleg høyring. Desse planane vil leggja premissar for korleis Suldal skal utvikla seg i åra framover, og kommunen ønskjer innspel frå innbyggjarane før vidare arbeid.

Dette er sakene på høyring

  • Plan for klima, naturmangfald og energi – del 1: energi
  • Oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for endring av kommuneplanen sin arealdel – byggegrense mot sjø

 

Begge planane handlar om konkrete spørsmål som påverkar kvardagen til folk og næringsliv i Suldal.


Kva handlar planane om?

Arbeidet med «byggegrense mot sjø» og «klima og energi» tek opp fleire viktige tema:

  • Kor det skal vera mogleg – og ikkje mogleg – å byggja naust, hytter, bustader og næringsbygg nær sjøen
  • Kva område i strandsona som er særleg viktige for naturmangfald og friluftsliv
  • Om kommunen i større grad bør satsa på renovering og attbruk av eksisterande bygg framfor nybygg
  • Kva tiltak som kan bidra til å redusera straumforbruket
  • Korleis landbruket kan bli endå meir effektivt og klimavenleg

 

Dette er spørsmål som krev gode avvegingar, og som vil ha betydning både for utviklinga av kommunen og for miljøet.


Treng innspel frå fleire

Du treng ikkje vera grunneigar eller ha fagkompetanse for å bidra. Du treng heller ikkje skriva lange eller formelt utforma innspel. Det viktigaste er at du deler dine tankar og erfaringar.
Erfaring viser at det ofte kjem få innspel i slike prosessar. Då kan dei få som seier noko, få stor påverknad. Difor er det viktig at fleire engasjerer seg.


No har du moglegheita til å vera med og påverka korleis Suldal skal utviklast vidare. Innspel frå innbyggjarane gir eit betre kunnskapsgrunnlag og kan bidra til meir treffsikre planar.
Dette handlar om å finna gode løysingar for ei berekraftig utvikling – både for dei som bur i Suldal i dag, og for komande generasjonar.
Alle innspel er verdifulle.


Slik gir du innspel

Du finn meir informasjon om høyringane og korleis du kan senda inn ditt innspel her.