Eldreveka 2026

I samband med Verdsdagen for eldre 1. oktober vert Eldreveka 2026 arrangert i veke 40. Det vert halde ei rekkje ulike digitale førelesingar om alt frå korleis å ta vare på eigen helse til korleis verte aktiv i lokal eldrepolitikk. 

Senteret for et aldersvennlig Norge arrangerer Eldreveka 2026. Eldreveka startar måndag 28. september og varer til fredag 2. oktober. I løpet av veka er det moglegheiter for å vere med på mange digitale førelesingar. Du treng ein PC, eit nettbrett eller ein smarttelefon for å delta på førelesingane, og du må melde deg på. 

Dersom du trykkar her kjem du vidare til programmet for Eldreveka, samt lenke til påmeldingar for dei ulike digitale førelesingane. 

Alle førelesingane er gratis og du bestemmer sjølv kor mange førelesingar du vil vere med på. 

 

Eldreveka 2026 - Klikk for stort bilete Senteret for et aldersvennlig Norge