Nærare 120 millioner menneske er på flukt frå krig og konflikt. Aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffa seg ein heim. I årets TV-aksjon skal innsamlinga bidra til at over 400 000 menneske skal få tryggare og betre buforhold.
Pengane går til midlertidige og permantente heimar, vatn- og sanitærprosjekt, telt og andre nødbudstadar, og juridisk hjelp for å sikre bustad- og eigedomsrettar.
NRK TV-aksjonen
Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak
Å vere på flukt betyr å stå midt i ei djup krise. Livet slik ein kjenner det blir snudd på hovudet. Menneske som tvingast til å flykte frå krig og konflikt har ofte opplevd store tap; mange har mista familiemedlem, jobb, utdanning og sitt sosiale nettverk. Ofte forlet dei heimane sine med berre det dei kan bera, utan å vite om eller når dei kan vende heim att.
Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak. Heimen gir tryggleik, vern og ein stad å høyre til. Når familiar får ein slik stad å bu blir det også lettare å finne arbeid og sende ungane på skule. Slik kan kvardagen bli meir stabil, og grunnlaget for ein ny framtid kan byggjast.
Bøsseberarane er hjartet i TV-aksjonen
Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar søndag 18. oktober, og samlar inn pengar til TV-aksjonen. Folk kan vippse til 2133 eller gi kontantar. Kvar bøsseberar samlar i snitt inn heile 2300 kroner!
Registrer deg som bøsseberar her.
Bøsser kan hentast i kvar grend. Meir info kjem.
Finn du ikkje di grend i lenkja over eller har du andre spørsmål om TV-aksjonen? Ta kontakt med Suldal Frivilligsentral på mobil 977 55 302 dersom du lurar på noko.
NRK//TV-aksjonen