Ny mellombels organisering av strategisk leiargruppe

Frå og med torsdag 27.august er det ny mellombels organisering av den strategiske leiargruppa i perioden fram til ny kommunedirektør er på plass.

Ny strategisk leiargruppe

Den nye organiseringa er slik:

  • Turid Vaage er konstituert som kommunedirektør.
  • Svein Carlos Gjil går mellombels inn som kommunalsjef for kultur- og samfunnsutvikling.
  • Elise Nedrejord blir konstituert som kommunalsjef for organisasjon.
  • Tore Bastlien Dahl blir konstituert som kommunalsjef for oppvekst.
  • Elin Mikkelsen Bakka blir konstituert som kommunalsjef for helse.