Ny episode av podkasten Kraftlaget - å flytta heim, med Magnhild Håranes Eide og Anna Larsen Vaage

Korleis er det å flytta heim igjen? Kva skal til for at fleire flyttar til Suldal? Og kva er det eigentleg å finna på uti grendene? 

I den nyaste podkastepisoden vår har me tatt ein prat med Anna Larsen Vaage, som jobbar som rådgjevar i Nav Suldal, og Magnhild Håranes Eide, som har eit vikariat som rådgjevar på Organisasjon og innbyggjarkontakt. Dei har begge flytta heim til Suldal etter fleire år vekke på studier, reising og jobbing.  

I denne episoden snakkar me om korleis det har vore å flytta heim, jobbmoglegheiter, fritidsaktiviteter, kjensla av tryggheit og å bli sett – og også utfordringar med det å flytte heim. Me pratar om korleis det kan vere for nye tilflyttarar til Suldal, dei som ikkje har noko nettverk her frå før, og kva som kan vere lurt å tenke på for å integrere desse i samfunnet vårt.  

I påsken vart "mini-festivalen" RyRekrutt arrangert på Fiskepiren: ei slags arbeidslivsmesse der Ryfylkeaktørar samla ungdommar frå regionen til ein ettermiddag med informasjon om arbeidsmoglegheiter, god mat og konsert. Under RyRekrutt fekk Magnhild prøve seg som utegåande reporter for podkasten, og prata med fleire ungdommar frå Ryfylkekommunane, og om kva dei tenkte om det å flytte heim att. I denne episoden kan du høyre kva Andrea, Atle, Bjørn og Eivind tenkte om dette – og om kva ordførar Mads Drange oppfordrar ungdommen til.  

God lytting!