Øv på skulevegen
Å ferdast som trafikant er noko som må lærast. Barn treng erfaring og rettleiing for å forstå trafikken og ta gode val. Trygg Trafikk sine råd til føresette er:
Skuleveg
Unsplash//Jon Torres
- Øv på skulevegen og snakk om det som skjer langs vegen.
- Vel den tryggaste ruta sjølv om han er litt lenger.
- Følg ungane til skulen den første tida.
- Sykle saman.
Fleire gode råd kan ein lese om her.
Klipp hekken før skulestart
Etter sommaren har hekkar, buskar og greiner vekse seg store og frodige. Det som veks ut mot veg, gang- og fykkelfelt kan skape farlege situasjonar. Det er viktig med god sikt - både for fotgjengar, syklistar og bilistar. S med tanke på skuleungar som lett kan vanskelege å sjå bak høge hekkar og buskar.
Det er den enkelte grunneigar sitt ansvar å sørge for at vegetasjon på eigen eigedom ikkje skapar problem for trafikksikkerheiten.