RV. 13 – Førland bru, planid 201803, til offentleg ettersyn

Statens vegvesen har i samråd med Suldal kommune utarbeidd forslag til reguleringsplan for rv. 13 Førland bru. Frist for innspel: 16.11.2026

Reguleringsplanen er no lagt på offentleg høyring og ettersyn. Statens vegvesen ber med dette om innspel til arbeidet.

Vegvesenet inviterer også til open kontordag på kommunehuset på Sand den 15. oktober 2026 mellom kl. 1300 og 1800 der de kan stille spørsmål og høyre meir om prosjektet.

Prosjektet

Førland bru ligg på Rv. 13 mellom kommunesenteret; Sand og Suldalsosen i Suldal kommune.

Rv. 13 går frå Sandnes til Leikanger og er hovudvegen gjennom Ryfylke.

Vegen har i dag vegklasse Bk 10/50, men brua tilfredstillar ikkje denne klassen i dag.

Det er vurdert at eksisterande bru ikkje kan oppgraderast til tilstrekkeleg standard, og det må difor etablerast ei ny bru.

Ny bru skal tilfredsstille krav til Bk 10/60 i tillegg til mobilkran (Bk 12/65) og spesialtransport (Bk 12/100). Framtidig bru og tilførselsvegar (Rv. 13) skal ha gul stripe.

Statens vegvesen har utarbeida reguleringsplan for ny Førland bru med tilhøyrande veg og avkøyrslar.

Brua får to køyrefelt samt gang- og sykkelveg som vert knytt til ny busslomme som skal etablerast.

Reguleringsplankart - Rv13 - Førland Bru

Har du spørsmål til planarbeidet, ta kontakt med planleggingsleiar Jeanette Hovland på telefon: 900 89 313 eller e-post: jeanette.hovland@vegvesen.no

Her er lenke til plandokumenta: https://arealplaner.no/suldal1134/gi?funksjon=VisPlan&kommunenummer=1134&planidentifikasjon=201803