Praksisstudentar på Sand skule

Sand skule har underskrive intensjonsavtale med grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, og skulen gler seg over si første praksisgruppe!

I veke 42, 43 og 44 skal fire andreårsstudentar frå grunnskulelærarutdanninga (1.-7. trinn) frå UiS ha praksisen sin i 6. klasse på Sand skule. 

Dei har eit praksisoppdrag knytt til lesing som dei skal gjennomføra saman med elevane, og deltek elles i undervisning i andre fag. Det er veldig kjekt å høyra at dei opplev høg trivsel på skulen med både elevar og tilsette, og har funne seg godt til rette på huset.  

Praksisstudentane frå venstre:  Tilde Leine, Nora Bakketun, Lotte Johannessen, Tilde Arnesen - Klikk for stort biletePraksisstudentane frå venstre: Tilde Leine, Nora Bakketun, Lotte Johannessen, Tilde Arnesen Sand skule // Suldal kommune

Kontakt