
Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris til éin eller fleire som har yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder. Prisen heidrar positiv innsats utover det ein normalt kan forvente.
Styret legg vekt på ekstra innsats utan personleg vinning innanfor eitt eller fleire område:
- Positiv profilering av landbruket
- Idear og drivkraft for levande bygder og grannelag
- Utvikling av kulturlandskapet; høg miljøstandard og god etikk i husdyrhaldet; hjelp til ein kollega i ein vanskeleg periode
- Nye produkt og tenester som gjer landbruket meir robust.
Styret i Rogaland landbruksselskap avgjer kven som får prisen. Prisen består av diplom og eit spesielt kunstverk. For 2025 fekk Bernt Terje Høyland frå Lund og Laurits Stokkeland frå Hå prisen.
Forslag med kort grunngjeving skal sendast innan 25. november 2026 til Bente Espedal Halvorsen: bente.halvorsen@statsforvalteren.no.
Alternativt: Rogaland landbruksselskap, postboks 59, 4001 Stavanger.
Skjema til innsending av forslag på kandidater per brev (PDF, 374 kB)