Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030

Kommunedirektøren presenterte 29. oktober sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.

Kommunalsjef økonomi og organisasjon - Klikk for stort bileteTurid Vaage Omega 365 Design

Suldal kommune går inn i 2027 med eit godt økonomisk utgangspunkt. Kraftinntektene har gitt kommunen eit handlingsrom som gjer det mogleg å både investere i tenester og utvikling, samstundes som ein byggjer reservar for framtida.

Samtidig er delar av inntektsgrunnlaget sårbart for endringar. Ein viktig balanse for kommunen er å nytte handlingsrommet klokt og sikre evna til å tilpasse seg dersom føresetnadane endrar seg.

Økonomiplanen for perioden 2027–2030 byggjer i hovudsak vidare på tidlegare vedtak og prioriteringar. Hovudvekta ligg på å gjennomføre tiltak som allereie er vedtekne eller sette i verk, og å sikre god styring og vidare utvikling av kommunen sine tenester.

Trass i eit godt økonomisk utgangspunkt står kommunen overfor dei same utfordringane som mange andre kommunar. Utgiftene aukar meir enn inntektene, og prognosane viser at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem. Det gjer det nødvendig å arbeide vidare med omstilling, utvikling og prioritering for å sikre eit berekraftig tenestetilbod og ein økonomi som står seg over tid.

Budsjettforslaget skal no behandlast politisk før kommunestyret gjer endeleg vedtak. 

Du kan sjå opptak frå presentasjonen her.

Les heile budsjettframlegget her. 

Kontakt

Turid Vaage
Kommunedirektør
Telefon 41 42 40 85