Informasjon frå Kartverket om registrering av opplysningar om bygningar i eigedomsregisteret
Kartverket sender nå ut melding til alle eigarar og festarar av bustader og fritidsbustader i Suldal kommune med informasjon om ein ny teneste. I denne tenesta kan eigarar sjølv registrere opplysningar om sin eigen bustad eller fritidsbustad i eigedomsregisteret. Du kan registrere opplysningar om byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal.
Eigenregistrering legg til rette for digital dialog mellom eigarar og det offentlege, aukar graden av sjølvbetening og bidreg til å betre datakvaliteten i Eigedomsregisteret. Som eigar eller festar kan du logge inn i tenesta til Kartverket, Eigedomsregisteret, og sjå kva opplysningar som er registrert om din eigedom - Kartverket.no
Les meir på Kartverket sine nettsider: Eigenregistrering - Kartverket.no
Har du spørsmål om eigenregistreringa kan du kontakte Kartverket.nosom også har oppretta ei nettside med svar på dei vanlegaste spørsmåla: Spørsmål om eigenregistrering - Kartverket.no Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakte kommunen for å få det retta.
Publisert 23.10.2026 14.18