Politisk framdriftsplan
Saka vert handsama etter følgjande plan:
- 1. juni: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF)
- 1. juni: Ungdomsrådet
- 3. juni: Levekårsutvalet
- 4. juni: Formannskapet
- 18. juni: Kommunestyret
Det er kommunestyret som skal ta endeleg avgjerd i saka.
Kommunedirektøren si tilråding
Kommunedirektøren tilrår ny barnehage og skulestruktur i kommunen for å sikra eit likeverdig tilbod med høg kvalitet, rett kompetanse, gode læringsmiljø, effektiv ressursbruk og utvikling i tråd med nasjonale føringar og lokale ambisjonar:
- Vinjar barnehage og Vinjar skule blir slått saman til Vinjar oppvekstsenter frå 01.01.27
- Nesflaten skule blir lagt ned frå 01.01.27 og elevane vert overført til Vinjar oppvekstsenter.
- Vinjar barnehage avdeling Nesflaten blir lagt ned frå 01.01.27, borna får barnehagetilbodet på Vinjar oppvekstsenter.
- Barnehagedelen av Jelsa oppvekstsenter blir ei avdeling av Stølane barnehage frå 01.08.27.
- Kommunedirektøren anbefaler at ein opprettar ein skule i sør med følgjande alternativ: Alternativ 5: Ny struktur med to oppvekstsenter: Jelsa til Stølane (Nesflaten til Vinjar jamføre punkt 1-3) og Marvik til Sand, Sand vidareført som 1-10 skule. Alternativ 6: Ny felles skule i sør ved Tysingvatnet: Marvik + Jelsa + Erfjord til ny felles skule, Sand vidareført som 1–10-skule.
- Forprosjekt, prosjektering av endra behov ved Kjølvikstølen barnehage i 2027.
- Forprosjekt, prosjektering av endra behov ved Vinjar oppvekstsenter i 2027.
- Kommunedirektøren tilrår følgjande forprosjekt og prosjekteringar skal starte i 2028:
- Forprosjekt, prosjektering av planlagt oppgradering Stølane barnehage, avdeling Jelsa
- Forprosjekt, prosjektering av endra behov på Sand skule
- Ved punkt 5 alternativ 5 eller 6 prosjektering av nybygg.
- Ved punkt 5 alternativ 6, forprosjekt prosjektering av endra behov Stølane barnehage.
Føringar for vidare drift av oppvekstsektoren i Suldal
- Ein skal ikkje ha skular med under 15 elevar i Suldal, jamfør uttale frå kunnskapsdepartementet. Dersom ein skule har under 15 elevar meir enn eit skuleår blir den kommunale skuledrifta lagt ned.
- Dersom ein barnehage eller underavdeling (Jelsa) har under 12 plasser i meir enn eit barnehageår blir den kommunale barnehagedrifta lagt ned.
- Alle barnehagar, oppvekstsenter og skular i Suldal skal jobba for full pedagogdekning, dette i tråd med lov og forskrifter.
Grunnlag for saka
Saksframlegget byggjer på eit omfattande kunnskapsgrunnlag og vurderingar knytt til mellom anna:
- Kvalitet og kompetanse i tilbodet
- Læringsmiljø
- Økonomi og berekraft
- Reiseveg og tryggleik
- Utviklinga i folketal og behov framover
Kommunedirektøren vurderer at endringar i struktur er nødvendige for å kunne oppfylle krav i lov og forskrift, og eit forsvarleg tilbod i framtida.
Om Norconsult og kommunedirektøren si tilråding
Som del av kunnskapsgrunnlaget har Norconsult gjort faglege vurderingar av ulike alternativ for framtidig struktur. Norconsult peiker på alternativ 4 (Ny struktur med 3 oppvekstsenter) som det sterkaste alternativet.
Kommunedirektøren tilrår likevel å gå vidare med alternativ 5 eller 6. Dette er basert på ei samla vurdering av kunnskapsgrunnlaget, der desse alternativa er vurderte som betre tilpassa framtidig drift, samt utvikling i bustadmønster og befolkning.
Reiseveg og skuleskyss
I saksframlegget er reiseveg nemnt som eit sentralt tema. Det handlar ikkje berre om reisetid, men om korleis kvardagen blir for elevane, til dømes knytt til tryggleik langs vegen, skredutsette område, ventetid og bytte av transportmiddel.
Det er lagt til grunn at det ikkje alltid vil vere mogleg å få reisetida innanfor ønskte mål for alle. Kommunedirektøren peiker difor på behov for avbøtande tiltak som vil vere ein av vurderingane av kva som er til det beste for barnet.
Vidare prosess
Dei ulike politiske organa vil gi si tilråding før saka vert lagt fram for endeleg behandling i kommunestyret 18. juni.
Les heile saksframlegget
Du kan lese heile saksframlegget her