Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
17. mai - dette skjer rundt om i kommunen Heile Suldal markerer nasjonaldagen med salutt, tog, gudstenester, talar og aktivitetar for store og små. Her finn du oversikta over 17. mai-programma ...
Kvifor arrangerer Suldal kommune ein nasjonal kraftkonferanse inne i ein kraftstasjon og eit gammalt kontrollrom på Nesflaten? Fordi kraft handlar om mykje meir enn straum. Det handlar om naturen rundt oss. Om arbeidsplassar, lokalsamfunn og framtida til bygdene våre. Og ikkje ...
Oppdatert informasjon om pasienttransport i Suldal, 6.5.2026 Det er no inngått avtale med Haugaland Taxi om gjennomføring av pasientreiser i Suldal! Ordninga har førebels oppstart 1. juni 2026. Avtalen inneber a...
Sjå kor fint det blir! Dei siste vekene har me hatt strålande aprilvèr, og elevar og lærarar nytta det som best då dei rydda nærmiljøet vårt for søppel i samband med miljøve...
Suldal - ein syngande kommune Suldal kommune er no offisielt med i det landsdekkjande programmet Syngande kommune. Prosjektet går over tre år og er i regi av organisasjonen Kraftta...
Sjå dei flotte jubilantane og pensjonistane våre! Torsdag 16. april vart det festmiddag på Trægården i Sandsbygda. Her feira me kommunale 25- og 40-årsjubilantar frå 2025, samt dei som gjekk av med pe...
Søkte du støtte til ENØK-tiltak før 1. mars, men fekk avslag fordi det ikkje var meir pengar igjen? No har formannskapet satt av meir pengar. Me vil derfor gå gjennom desse søknadene på nytt. Du vil få svar innan midten av mai.
Ny konferanse: Noregs største kraftkommune vil løyse kraftfloka 5.–6. mai samlar energiminister Terje Aasland og nokre av dei tyngste stemmene innan kraft, politikk, industri og forsking seg i Suldal, når Noregs st...
Barnehage- og skulebruksplan del 2 No er arbeidet med barnehage- og skulebruksplan del 2 i gang. Me veit at denne saka betyr mykje for mange, og me vil difor leggja ut oppdatert og rele...