Barnehage- og skulebruksplan del 2
No er arbeidet med barnehage- og skulebruksplan del 2 i gang. Me veit at denne saka betyr mykje for mange, og me vil difor leggja ut oppdatert og relevant informasjon fortløpande etter kvart som arbeidet går framover.
Oppdatera kunnskapsgrunnlaget
I denne fasen skal administrasjonen arbeida vidare med å oppdatera og kvalitetssikra kunnskapsgrunnlaget. Målet er å gi kommunestyret eit best mogleg grunnlag før dei skal ta endeleg stilling til framtidig barnehage- og skulestruktur.
Saka skal etter planen leggjast fram for politisk handsaming innan utgangen av 2. kvartal 2026.
Dette blir gjort no:
- Me byggjer vidare på kunnskapsgrunnlaget og innspela som kom inn i del 1
- Me går nærare inn i tema som mellom anna reiseveg, samfunnseffektar, barnets beste og beredskap.
Ingen ny høyringsrunde
Kommunestyret har vedteke at det ikkje skal gjennomførast ei ny brei høyringsrunde i denne fasen. Arbeidet byggjer på dei omfattande innspela som allereie er komne inn.
Du kan lesa meir om arbeidet her.
Publisert 20.04.2026 12.39