Sjå kor fint det blir! - Suldal kommune heimeside

Sjå kor fint det blir!

Dei siste vekene har me hatt strålande aprilvèr, og elevar og lærarar nytta det som best då dei rydda nærmiljøet vårt for søppel i samband med miljøveka. 

På Erfjord skule 

rydda dei stranda og hadde ulke aktivitetar i skulegarden. Her planta dei blant anna agurkfrø i mjølkekartongar, hadde quiz, hadde søppelstafett og sorterte søppelet dei plukka. 

Plukking av søppel - Klikk for stort bilete
Plukking av søppel - Klikk for stort bilete
Plukking av søppel - Klikk for stort bilete

 

Visste du at:

  • Naturen brukar 600 år på å bryte ned eit fiskesnøre?
  • Ein tyggis blir liggande på bakkeni 5 år før han brytast ned?
  • Eit ubrukt kaffifilter skal kastast i restavfall, mens eit brukt skal kastast i matavfall?

 

På Vinjar skule

har dei ulike klassane hatt kvar sitt tema: 1. til 4. klasse har hatt tema resirkulering. Dei har laga vase og blom at mjølkekartong, papp og korkar. Dei har også hatt sorteringsstafett, og 4. klasse har besøkt miljøstasjonen i Gåsavika på Sand for å sjå korleis dei sorterer søppel.  5. klasse har hatt tema laksen og lågen og har fått omvisning i Klekkeriet på Ritland. 6. klasse har hatt tema skogen og lært om artsmangfald og økosystem, og vore på ekskursjon i skogen. 7. klasse har hatt tema vasskraft og elektrisitet og fått omvisning i småkraftverka på Stråpa. 

Sortering - Klikk for stort bilete
Trestump - Klikk for stort bilete
Resirkulert blom - Klikk for stort bilete
Kraftverk - Klikk for stort bilete

 

På Nesflaten skule 

oppdaga elevar og lærarar kor flinke folk er til å ta vare på nærmiljøet sitt - her var det ikkje så mykje søppel å plukke. Med fokus på ombruk har elevane laga bokmerker av eggekartongar som blei til pappamasjè, og som dei seinare dekorerte. 

Elevar som har rydda - Klikk for stort bilete
Resirkulert bokmerke - Klikk for stort bilete
Resirkulert bokmerke - Klikk for stort bilete

 

På Sand skule

har barnetrinnet hatt fokus på fuglar. Elevane har registrert fuglar, øvd på fuglelydar, og lært korleis ein kan leggja til rette for fuglar der ein bur. Somme har snikra fuglekassar og laga fuglemat. 

Snikring av fuglekasse - Klikk for stort bilete
Fuglerebus - Klikk for stort bilete
Fuglekikking - Klikk for stort bilete

 

I Kjølvikstølen barnehage

har borna vore på søppeljakt. Deiann lite søppel, noko som tyder på at barnehagen har eit rent nærmiljø å boltra seg i. 

På søppeljakt - Klikk for stort bilete
På søppeljakt - Klikk for stort bilete