Energiminister Terje Aasland
Fabel
Eit lokalsamfunn forma av krafta
Suldal kjenner krafta på kroppen kvar einaste dag. Som Noregs største kraftkommune har me levd tett på både verdiskaping, naturinngrep, konfliktar og moglegheiter gjennom fleire generasjonar. Her er kraft ikkje berre ei næring – det er ein del av kvardagen og identiteten vår.
No står Noreg framfor ei ny tid med oppgraderingar og effektauke i eksisterande vasskraftanlegg. Det vil få store konsekvensar for både energiforsyning, natur og lokalsamfunn. Difor meiner me at erfaringane frå kommunar som Suldal må bli høyrde når framtidas kraftpolitikk skal formast.
Ville skapa betre samtalar
Med dette som bakteppe inviterte Suldal kommune til konferansen «På innsida av krafta». Her samla me kraftbransjen, myndigheiter, forskingsmiljø, naturinteresser, grunneigarar og politikarar for å skapa rom for samtalar om dei krevjande spørsmåla som ventar.
Målet har ikkje vore at alle skal vera einige om alt.
Målet har vore å skapa betre dialog før frontane låser seg.
Inne i kontrollrommet på Hydro
Fabel
– Me må møtast tidlegare
Gjennom konferansen vart eitt bodskap særleg tydeleg: Me må møtast tidlegare, snakka meir saman og byggja større tillit mellom aktørane.
Eit av dei sterkaste augeblikka under konferansen var å sjå grunneigarar, kraftselskap, energiminister Terje Aasland, naturforvaltning og kommune sitja rundt same bord i respektfulle samtalar om vanskelege spørsmål. Det gir håp om at det er mogleg å finna betre og meir berekraftige løysingar framover.
Skal munna ut i «Suldalerklæringa»
Konferansen skal no munna ut i «Suldalerklæringa» – eit samla innspel til nasjonale myndigheiter om kva som må til for å skapa meir føreseielege og tillitsbaserte prosessar rundt framtidige vasskraftoppgraderingar.
Suldal kommune vil retta ein stor takk til alle som har bidratt til konferansen, og til samarbeidspartnarane våre: Statkraft, Lyse Kraft AS, Hydro og Stavanger kommune.
Mads Drange - ordførar, Svein Tore Bergstuen - Sannum & Bergstuen, Anne Marie Lofthus - prosjektleiar Suldal kommune, Eva Sannum - Sannum & Bergstuen, Øyvind Stueland - kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling Suldal kommune
Suldal kommune
Handlar om framtida til lokalsamfunna
Og ikkje minst: Takk til innbyggjarane våre, som kvar dag lever tett på både krafta, naturen og konsekvensane av vala som blir tekne.
For dette handlar ikkje berre om energi.
Det handlar om framtida til lokalsamfunna våre.