Invitasjon til næringsliv og reiseliv i Suldal til innspelsmøte om ny merkevare onsdag 4.november (fysisk eller digitalt)Suldal er i gong med å utvikla ein ny merkevareidentitet for kommunen, ei forteljing om kven Suldal er, kva kommunen har å by på, og kvifor folk skal velje å besøke, bu og investere her. Næringslivet blir med dette inviterte til å melde seg på til eit innspelsmøte. Påmeldingsfrist er 1. november.Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.Dato: Onsdag 4. november 2026Tid: kl. 09.00–11.30Stad: Kulturhuset i Suldal (kan også delta digitalt)Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30Påmelding: Meld deg på innan 1. november. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på og om du ønskjer å delta fysisk eller digitalt. Mail til: postmottak-suldal@suldal.kommune.noSkriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.Me gler oss til å høyre frå deg!Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal Publisert 28.10.2026 13.54
Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem – og det kan råka kven som helst Difor har Suldal kommune samla viktig informasjon, råd og hjelpetenester på nettsida vår, slik at både dei som opplever vald og dei som er uroa for an...
Kvitt deg med gamle fritidsbåtar – heilt gratis Har du ein båt du ikkje lenger brukar? No kan du levere han inn utan kostnad – og samstundes bidra til eit reinare miljø.
Ny episode av podkasten Kraftlaget. Vil du leia framtidas sjukeheim? Er du nysgjerrig på kva det eigentleg vil seia å vere einingsleiar ved ein heilt ny og moderne sjukeheim?I denne korte podkastepisoden får du eit innb...
Mangel på vaksine mot helvetesild (Shingrix) På grunn av auka etterspørsel klarer ikkje leverandøren å dekka behovet etter vaksina. Suldal legekontor prioriterer pasientar i risikogruppa.
Tiahyn kommune frå Ukraina på besøk i Suldal denne veka Denne veka har Suldal kommune besøk av delegasjonen frå vår ukrainske vennskapskommune Tiahyn, og i dag møtte dei Formannskapet på kommunehuset.
Nye huskestativ i Sand barnehage avd. Randåsen Barnehagen har fått to nye flotte huskestativ. Stativa kjem ikkje berre borna i barnehagen til gode – dei er også opne for alle som vil leika utanom b...
Støtteordninga for kjøp, bygging og renovering av bustad er tom – nye søknader blir ikkje behandla Suldal kommune har det siste året opplevd stor interesse for støtteordninga som skal stimulera til kjøp, nybygg og større rehabilitering av bustad i k...
Teknologi + læring + kraftproduksjon Kva skjer når teknologi, læring og kraftproduksjon møtast? Då får me slike dagar som dette.
Vinjarheim bukollektiv tek form Bygginga av nye Vinjarheim bukollektiv går framover som planlagt, og både utvendig og innvendig byrjar anlegget tydeleg å ta form.
Digihelse – enkel og trygg kontakt med helsetenesta i Suldal Me ønskjer å gjere kommunikasjonen mellom innbyggjarane og helsetenesta endå betre. Difor tilbyr me Digihelse gjennom helsenorge.no – din digitale inn...