Kvitt deg med gamle fritidsbåtar – heilt gratisHar du ein båt du ikkje lenger brukar? No kan du levere han inn utan kostnad – og samstundes bidra til eit reinare miljø. Kvifor levere inn gamle båtar? I Noreg finst det over éin million fritidsbåtar, og mange inneheld miljøfarlege stoff. Difor skal alle utrangerte båtar leverast til eit godkjent mottak for gjenvinning og destruering. Levere sjølv i Gåsavika på gjenvinningsstasjonenSmå fritidsbåtar under 15 fot (4,57 meter) kan leverast gratis. Dette gjeld òg kano, kajakk og liknande farkostar.Plastbåtar over 15 fot kan òg leverast i Gåsavika, men då kostar det 1 938 kroner per tonn.Treng du hjelp til henting?Gjennom prosjektet Båtvrak‑Noreg kan du få båten henta kostnadsfritt. Tilbodet gjeld for plastbåtar, trebåtar, kajakkar, brett og liknande – med eller utan motor – så lenge båten er under 49 fot (15 meter) og veg maks 3 tonn.Ta kontakt med Viking Gjenvinning AS på Karmøy for å avtale henting.Hugs vrakpantNår du leverer fritidsbåten til eit godkjent mottak, kan du få 1 000 kroner i vrakpant gjennom Miljødirektoratet.Hugs å skrive ut og fylle ut skjema for vrakpant før levering, og få det signert på mottaket. Publisert 19.02.2026 12.33