Tiahyn kommune frå Ukraina på besøk i Suldal denne veka

Denne veka har Suldal kommune besøk av delegasjonen frå vår ukrainske vennskapskommune Tiahyn, og i dag møtte dei Formannskapet på kommunehuset. 

Tiahyn står i krig – men planlegg for framtida

Før krigen hadde Tiahyn rundt 10 000 innbyggarar – no er berre om lag 700 att. Store delar av infrastrukturen er øydelagt, jordbruksområda er minelagde, og innbyggjarane lever under konstant trussel frå dronar.
Likevel jobbar Tiahyn målretta for å halda oppe kritiske tenester og planlegg allereie for framtidig gjenoppbygging.


Me ser dette som eit likeverdig samarbeid med ein ukrainsk kommune som står i ein ekstremt krevande situasjon, men som tenker framover og ønskjer å bygge opp lokalsamfunnet sitt. Me har også mykje å læra, spesielt om sivil beredskap frå eit land med dei erfaringane dei har. Gjensidighet er viktig – dette er ikkje eit reint bistandsarbeid. Målet er også kulturutveksling og å læra av kvarandre, seier ordførar i Suldal kommune Mads Drange

 

Innhaldsrikt program

Delegasjonen skal gjennom eit innhaldsrikt program i Suldal, med møte, besøk, kultur og samtalar om vidare samarbeid – også med ungdomsråda i dei to kommunane.
 

Ope arrangement på Kulturhuset i Suldal – onsdag 4. februar kl. 19.00

Alle er velkomne når me får høyra:

  • Presentasjon frå Tiahyn: før krigen, livet under krigen og planane for framtida
  • Tale ved ordførar Mads Drange
  • Signering av partnarskapsavtale
  • Kulturelle innslag frå lokale ukrainarar
     

Dette blir ei unik moglegheit til å møta menneska bak kommunen me samarbeider med – og få eit nærare innblikk i situasjonen i Ukraina.
Velkommen!

Kontakt

Profilbilde av Mads Drange
Mads Drange
Ordførar
E-post
Mobil 99 25 45 43