Støtteordninga for kjøp, bygging og renovering av bustad er tom – nye søknader blir ikkje behandla

Suldal kommune har det siste året opplevd stor interesse for støtteordninga som skal stimulera til kjøp, nybygg og større rehabilitering av bustad i kommunen – og no er midlane brukt opp. Dette betyr at det ikkje lenger er mogleg å søkje støtte i 2026.

  • Takk til alle som har søkt. Det er kjekt at så mange ønskjer å kjøpa seg hus i Suldal. Etterspørselen har vore så stor at pengane er brukt opp for denne gong. Me har fått inn over 20 søknader, seier sakshandsamar Ronny Mehus Rugland.

 

Portrettbilde av tilsett - Klikk for stort bileteRonny Mehus Rugland, rådgjevar Suldal kommune

Ordninga skal evaluerast i 2026

I kommunestyresak 95/25 blei administrasjonen bedt om å gjennomføra ei evaluering av støtteordninga i forkant av budsjettarbeidet for 2027. Kommunedirektøren vil derfor sjå på erfaringane frå dei to første åra med ordninga gjennom 2026.
Ei eventuell vidareføring vil først bli aktuell frå 2027 og må behandlast gjennom budsjett og økonomiplan 2027–2030.

 

Kva var føremålet med ordninga?


Støtteordninga blei etablert for å:

  • stimulera til rehabilitering og nybygging i privat regi
  • gjera det enklare for førstegongskjøparar å etablere seg
  • bidra til at fleire unge og nye innbyggarar vel å busetje seg i Suldal

 

Ordninga gjaldt for deg som skulle kjøpe bustad for første gong – uavhengig av om du var suldøl, tilflyttar eller flyktning. Unge tilflyttarar under 35 år som hadde eigd bustad før, kunne òg søkje.

Kort oppsummert: Slik fungerte ordninga

  • Tilskot til kjøp, nybygg eller større renovering av bustad.
  • Støtte på 10 prosent av kostnaden, inntil 350 000 kroner.
  • Gjaldt for arbeid som kledning, tak, drenering, bad, kjøkken og påbygg. Berre fakturerte kostnader, ikkje eigeninnsats.
  • Ikkje støtte til tomt, garasje eller andre tiltak som ikkje gjaldt sjølve bustaden.
  • Kjøp og fakturaer måtte vere datert etter 1. januar 2025.
  • Bustaden måtte vere fast bustad i minst fire år, elles delvis tilbakebetaling.

 

Kva skjer no?

Søknadsportalen er stengt, og det blir ikkje behandla nye søknader i 2026.
Kommunen kjem tilbake med informasjon om vidare prosess når evalueringa av ordninga er gjennomført og budsjettarbeidet for 2027 startar.