Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030Kommunedirektøren presenterte 29. oktober sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.Turid Vaage Omega 365 Design Suldal kommune går inn i 2027 med eit godt økonomisk utgangspunkt. Kraftinntektene har gitt kommunen eit handlingsrom som gjer det mogleg å både investere i tenester og utvikling, samstundes som ein byggjer reservar for framtida.Samtidig er delar av inntektsgrunnlaget sårbart for endringar. Ein viktig balanse for kommunen er å nytte handlingsrommet klokt og sikre evna til å tilpasse seg dersom føresetnadane endrar seg.Økonomiplanen for perioden 2027–2030 byggjer i hovudsak vidare på tidlegare vedtak og prioriteringar. Hovudvekta ligg på å gjennomføre tiltak som allereie er vedtekne eller sette i verk, og å sikre god styring og vidare utvikling av kommunen sine tenester.Trass i eit godt økonomisk utgangspunkt står kommunen overfor dei same utfordringane som mange andre kommunar. Utgiftene aukar meir enn inntektene, og prognosane viser at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem. Det gjer det nødvendig å arbeide vidare med omstilling, utvikling og prioritering for å sikre eit berekraftig tenestetilbod og ein økonomi som står seg over tid.Budsjettforslaget skal no behandlast politisk før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Du kan sjå opptak frå presentasjonen her. Les heile budsjettframlegget her. Publisert 29.10.2026 18.24
Tiahyn kommune frå Ukraina på besøk i Suldal denne veka Denne veka har Suldal kommune besøk av delegasjonen frå vår ukrainske vennskapskommune Tiahyn, og i dag møtte dei Formannskapet på kommunehuset.
Nye huskestativ i Sand barnehage avd. Randåsen Barnehagen har fått to nye flotte huskestativ. Stativa kjem ikkje berre borna i barnehagen til gode – dei er også opne for alle som vil leika utanom b...
Støtteordninga for kjøp, bygging og renovering av bustad er tom – nye søknader blir ikkje behandla Suldal kommune har det siste året opplevd stor interesse for støtteordninga som skal stimulera til kjøp, nybygg og større rehabilitering av bustad i k...
Teknologi + læring + kraftproduksjon Kva skjer når teknologi, læring og kraftproduksjon møtast? Då får me slike dagar som dette.
Vinjarheim bukollektiv tek form Bygginga av nye Vinjarheim bukollektiv går framover som planlagt, og både utvendig og innvendig byrjar anlegget tydeleg å ta form.
Digihelse – enkel og trygg kontakt med helsetenesta i Suldal Me ønskjer å gjere kommunikasjonen mellom innbyggjarane og helsetenesta endå betre. Difor tilbyr me Digihelse gjennom helsenorge.no – din digitale inn...
Ryfylke Utdanningssenter IKS – utdanning der du bur Ryfylke Utdanningssenter IKS er eigd av Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Rogaland fylkeskommune, og jobbar for å gjere høgare utdanning og kompeta...
Ny episode av podkasten Kraftlaget Kva skal til for at dei tilsette i Suldal kommune kjenner seg sett, høyrt og verdsett – i kvardagen, i endringar og når ting er krevjande?
No tilbyr Suldal kommune digitalt ledsagarbevis. Innbyggjarar i Suldal kommune som har behov for bistand, kan søka om ledsagarbevis. Når du søkjer, kan du velja om du vil ha fysisk bevis, digitalt be...
Raude kinn og vinterglede på Marvik skule! Året starta med snø, og for elevane på Marvik – ei heilt eiga skeisebane!