Juleavslutning med pensjonistbadarane på Suldal Bad!

I dag møttest gjengen til årets siste bad, og for ein avslutning det blei! Etter badinga var det pepparkaker og silent disco.

Silent disco? Det er dans der alle har eigne hodetelefonar og kan velje mellom ulike musikk-kanalar. Pensjonistane hadde tre sjangrar å velje mellom. Golvet fylte seg, og dansen var i gang.  Her på filmen kan du høyre korleis det eigentleg høyrdest ut. Etter discoen delte Suldal Bad ut gjeve prisar.

Suldal bad held oppe i romjula

Suldal Bad held ope i romjula
Frå laurdag 27. desember til tysdag 30. desember kan hoppe i bassenget!
Opningstid: kl. 12.00–18.00.


Pensjonistsvømming og babyplask tek julepause, men er tilbake etter nyttår.

Vil du bli med på pensjonistsvømming? 

Måndagar kl. 09.00–11.00. Badetrim med fysioterapeut Hans Åge Aandahl for dei som ønskjer. Pris: 130,- per person. Etterpå kan du nyte kaffi og ein god drøs i kafeen til Suldal bad.