Papiravisa lever vidare – i sofakroken på Kulturhuset i SuldalSuldalsposten har gått heilt over til digital utgåve, men det betyr ikkje at papiravisa er borte for godt! På Kulturhuset i Suldal blir nemleg PDF-utgåva av lokalavisa printa ut kvar veke, og lagt fram i den koselege sofakroken ved biblioteket. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Her kan du setta deg ned med ei fersk avis i handa, akkurat som før. Mange, både eldre og yngre kjem innom kvar veke for å lesa nyheitene, slå av ein drøs og nyta roen i det opne og inkluderande miljøet. Men, det er framleis ein del som ikkje veit om dette tilbodet, og no ønskjer biblioteket å spreie ordet. Eit hus med fleire tilbodI tillegg til Suldalsposten finn du sjølvsagt mykje meir lesestoff i Ryfylkebiblioteket Suldal, og Kulturkafeen Sand er open på dagtid med både kaffi og noko godt å bita i. Ofte er det også kunstutstillingar i allrommet, og heile bygget er universelt utforma – slik at alle kan koma inn.Velkomen innSå om du saknar papiravisa, eller berre vil ha ein god grunn til å ta turen innom Kulturhuset – velkomen inn i sofakroken!På filmen er Torleif Helland, ein trufast besøkande. Publisert 06.11.2025 20.10