Ny organisering av kommunalsjefområda i Suldal kommune

Strategisk leiargruppe vil informere om viktige organisasjonsendringar som trer i kraft  frå 01. januar 2026. Endringane blir gjennomført for å sikre at me står godt rusta i ei tid med auka utgifter, synkande inntekter og store krav til god ressursstyring, samtidig som me tar var på kvaliteten i tenestene våre.

Bakgrunn for endringa

Kommunalsjef Helse og velferd går av med pensjon ved nyttår, og i arbeidet med å vurdere om ein skal lyse ut etter ny kommunalsjef helse og velferd, har kommunedirektøren beslutta at stillinga ikkje skal lysast ut. Me har forståing for at det kan opplevast som krevjande med ei organisasjonsendring, men me er trygge på at me har kome fram til ei organisering som både er berekraftig og trygg for organisasjonen vår.

Korleis me har jobba

Det er gjort ein grundig jobb av ei arbeidsgruppe som har fulgt kommunen si rutine for omorganisering. Arbeidsgruppa som har jobba fram organiseringa er kommunedirektør, kommunalsjef økonomi og organisasjon, kommunalsjef oppvekst, hovudtillitsvalde i Norsk sjukepleiarforbund, Utdanningsforbundet, Fagforbundet og hovudverneombod. Arbeidsgruppa har hatt gode og konstruktive møte. Torsdag 27. november landa gruppa ei tilråding som vart avgjort i strategisk leiargruppe same dag. Arbeidsgruppa skal i januar 2027 evaluere organisasjonsendringa.

Ny organisering

I den nye organiseringa vil kommunedirektør og kommunalsjefar arbeide meir på tvers av fagområde, og i større grad løyse oppgåver i fellesskap uavhengig av tidlegare kommunalsjefområde. 

Frå 1. januar 2026 blir dei nye kommunalsjefområda slik:
•    Kultur og samfunnsutvikling (som før) Kommunalsjef Øyvind Stueland 
•    Organisasjon (Organisasjon og innbyggarkontakt og NAV) Kommunalsjef Turid Vaage 
•    Helse og oppvekst (helse og velferd + oppvekst ) Kommunalsjef Svein Carlos  Gjil


Økonomi og kommunekassen vil ligge direkte hjå kommunedirektør Siri Halvorsen.

Kontakt

Profilbilde av Siri Halvorsen
Siri Halvorsen
Kommunedirektør
E-post
Telefon 97 64 51 33
Mobil 97 64 51 33