Det nye internatet er eit viktig løft for både utdanning og idrett i regionen. Bygget har vore i bruk nokre månadar allereie, og ferdigstillinga er ein stor milepåle for Suldal kommune, Sauda vidaregåande skule, ToppVolley Norge og Rygjatun eigedom.
Erik Aldner sette ei fin ramme på opninga
Fylkesordførar Ole Ueland, ordførar Mads Drange og leiar for opplæringsutvalet i Rpgaland, Anne Kristin Bruns
Bente Tednes Gjil
Rygjatun har vore ein sentral del av lokalsamfunnet i over hundre år, frå starten som Ryfylke Folkehøgskule til dagens satsing på toppidrett og læring. Det nye internatet er resultat av eit sterkt partnarskap mellom kommune, fylkeskommune, idretten og næringslivet – ein modell som har gjort ToppVolley Norge mogleg.
-Det at ein liten stad som Sand i over hundre år har teke imot elevar og lærarar frå heile landet- frå heile verda, trur eg har gjort noko med oss. Det har utfordra oss, berika oss og eg trur det har skapt ein rausare og meir inkluderande kultur enn me elles ville hatt, seier Mads Drange i opningstalen sin.
Mads Drange held opningstale
Bente Tednes Gjil
-Eg vil gratulera styret i Rygjatun med eit nytt bygg, og ikkje minst partnarskapet: Rogaland Fylkeskommune, Sauda og Suldal kommune, Sauda Vidaregåande skule, Norges Volleyballforbund og Statkraft - og ikkje minst Toppvolley Norge – både trenarar, lærarar og elevar med nye fasilitetar, seier Mads Drange.
Me takkar også prosjektleiinga i Suldal kommune som har losa i hamn nok eit stort byggeprosjekt på tid og på budsjett. Me ønskjer elevar og tilsette ved TVN lykke til i det nye bygget; hipp, hurra for dei neste hundre åra!
Eit av opphaldsromma til elevane på internatet
Bente Tednes Gjil

Eit av romma på internatet
Bente Tednes Gjil