Suldal blir med i prosjektfellesskapet Energihovedstaden
Prosjekt Energihovudstaden er eit samarbeid mellom Næringsforeininga i Stavanger-regionen, kommunane Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Gjesdal, Time, Klepp, Hå, Suldal og Eigersund, samt Rogaland fylkeskommune. Prosjektet vart etablert i 2020 og har som føremål å løfte og styrkje energihovudstaden og støtte transformasjonen.
Mads Drange
Jarle Lunde
Suldal si rolle
Som Norges største vasskraftkommune har Suldal ein naturleg plass i prosjektet. Ordførar Mads Drange seier:
«Energihovudstaden er eit prosjekt som bidrar til å forankra Stavanger og Rogaland som tyngdepunktet for energiproduksjonen i Norge. Som Norges største vasskraftkommune er me glad for å bli ein del av prosjektet, og gler oss til å bidra inn i fellesskapet. Samarbeid er nøkkelen for å lukkast med å møta energiutfordringane me står i, og i ei tid kor Suldal knyt tettare band med Stavangerregionen på næringsutvikling og energi, er dette eit naturleg steg vidare.»
Føremålet
Føremålet er å løfte og styrkje energihovudstaden og støtte transformasjonen:
- Frå olje- og gasshovudstad til energihovudstad
- Spele på lag med ein industri og eit næringsliv i omstilling
- Bidra til ei felles historie om energihovudstaden
- Bidra til samkøyring og koordinering av regionen sitt arbeid for å styrkje energihovudstaden
- Energirådet: toppleiarar frå næringa og ordførarar møtest to–tre gonger per år for diskusjonar rundt overordna problemstillingar
- Energiråd UNG: møtest to–tre gonger per år for diskusjonar rundt overordna problemstillingar
- Energihovudstadkonferansen: vert arrangert ein gong per år
- Kunnskap og kompetanse: bidra med kunnskap og innspel til næringspolitisk arbeid
Publisert 15.12.2025 10.04