Studietur til Bømlo: Inspirerande døme på bustad- og stedsutvikling

Nyleg reiste vi i Suldal kommune – med varaordføraren, kommunedirektøren, formannskapsmedlemmer og medarbeidarar frå fleire einingar – på studietur til Bømlo for å lære meir om korleis dei jobbar med bustader, lokalsamfunn og bu- og bli-lyst. 

Målet vårt

Målet vårt var å sjå korleis Bømlo har kombinert bustader, offentlege rom, tidlegare industritomter og næringsliv i utviklinga av levande tettstader – og hente med oss gode idear til arbeidet vårt i Suldal, særleg knytt til Sand sentrum og bustadstrategien vår.

Felles utfordringar – felles læring

Både vi og Bømlo står i liknande utfordringar når det gjeld rekruttering, næringsutvikling, bustadbygging og levande tettstader. Derfor var det både nyttig og inspirerande å møte politisk og administrativ leiing i Bømlo for å utveksle erfaringar.

Ordførar Morten Helland tok godt imot oss, og understreka kor viktig det er å sjå bustadutvikling i samanheng med fellesskap, folkehelse og trivsel:

– Det er nyttig å dele korleis ulike løysingar og nivå i bustadprosjekt bidreg til gode nabolag for både yngre og eldre, sa Helland.

Bømlo har gjennom fleire år prioritert tettstadsutvikling, kultur og møteplassar, og arbeider tett med næringslivet for å skape attraktive lokalsamfunn. Dette gjer dei til ein kommune vi kan lære mykje av.


Vi delte også frå vårt arbeid

Vi brukte òg høvet til å dele våre eigne erfaringar.  Kommunalsjef for kultur og samfunn Øyvind Stueland fortalte om prosjekt innan arbeid med bustadpolitikk, stedsutvikling, næring og rekruttering. - I Suldal jobbar vi tverrfagleg og forsøkjer å ha ein raud tråd i arbeidet  

Moglegheitsutviklar Anne Marie Lofthus var godt nøgd med turen og læringsutbytte:  

– Det er inspirerande å sjå korleis Bømlo jobbar strategisk med bustader og næringsliv. Vi tek med oss mange gode idear heim.

Besøk på Dalaneset og Moster

Etter møtet på rådhuset reiste vi vidare til Moster for å sjå nærare på fleire bustadprosjekt, mellom anna Teiglandshagen, Moster servicesenter og Banktunet. 
Vi fekk også høyre direkte frå to av dei private initiativtakarane, Berit Laila og Leif Arvid Ersland, som har vore sentrale i utviklinga av nye bufellesskap:

– Mange eldre er einsame og ventar på heimetenesta. Vi ønskjer å skape fellesskap og buformer der folk kan hjelpe kvarandre, sa dei.

Vi besøkte også Dalaneset Brygge, eit nasjonalt førbileteprosjekt vi hadde høyrt om gjennom Husbanken. Her fekk vi sjå korleis ei tidlegare industritomt har blitt omgjort til eit attraktivt bustadområde. 
Representantar frå Dalaneset AS orienterte om samarbeid med kommunen, fylkeskommunen og Husbanken, og delte erfaringar frå planlegginga og gjennomføringa. Prosjektet går no inn i byggjesteg 2.

Turen vart avslutta med ei kort omvising i Moster Amfi og utstillingane før vi sette kursen heim att i snøvêret.

Dette tek vi med oss heim:

Studieturen gav oss mange konkrete erfaringar og nyttig inspirasjon:

  • korleis kommunen kan vere ein tydeleg samfunnsutviklar
  • korleis vi kan byggje sterkare samarbeid med private aktørar
  • korleis bustader, sentrum og mobilitet kan utviklast i samanheng
  • korleis kultur og møteplassar styrkjer bu- og bli-lysta
  • og ikkje minst: kva som skal til for å skape gode nabolag heile livet

 

Vi arbeider no vidare med ei samla oversikt over bustad- og utviklingsprosjekt i Suldal, tett dialog med Husbanken og planlegging av nye prosjekt i Sand sentrum.

Takk for eit inspirerande besøk, Bømlo!

Vi takkar Bømlo kommune for eit varmt og lærerikt møte – og ser fram til å bruke læringa i vidare utvikling av levande tettstader og gode bumiljø i Suldal

Kontakt

Anne Marie Lofthus
E-post
Telefon 95 24 11 68
Mobil 95 24 11 68