Er du og heimen din klar for ei veke utan straum, vatn eller mobilnett?

I ein krisesituasjon må me som kommune og nødetatane prioritere dei mest sårbare. Difor er det viktig at du kan klare deg sjølv i minst sju dagar. Det kallar me eigenberedskap, og det er ditt ansvar.

Lag ditt beredskapslager:

  • Reint drikkevatn (på kanner eller flasker)
  • Mat som tåler lagring
  • Grill eller stormkjøkken
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Lommelykt og batteri
  • DAB-radio
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr
  • Hygieneartiklar
  • Litt kontantar
  • Mat og vatn til kjæledyr

 

Tips! 

Allier deg med ein beredskapsven – nabo, familie eller ven. Samarbeid om lager, del kunnskap og hjelp kvarandre om krisa kjem.
Jo fleire som er førebudde, jo betre kan vi hjelpe dei som treng det mest.


Les meir og sjekk heile lista her

Kontakt

Ronny Mehus Rugland
E-post
Telefon 95 73 16 67
Mobil 95 73 16 67