Visste du at fysioterapitenesta vår har mange gode gruppetilbod?Her handlar det om å ta vare på kroppen - både førebygging, rehabilitering og vedlikehald av funksjon. Kanskje er eitt av tilboda akkurat det du treng? Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Dette tilbyr me:Fallførebyggingsgruppe – for eldre med større risiko for fallKvardagsrehabiliteringsgruppe – for deg som har vore gjennom oppfølging med Kvardagsrehab-teametParkinsongruppe – trening med fokus på kraft, bevegelse, balanse og koordinasjonGravidgruppe – trygg trening for deg som ventar barnBarselgruppe – for nybakte mødre, inntil 1 år etter fødselKne- og hoftegruppe – for deg med plager i kne eller hofter, før/etter operasjon eller for å unngå operasjonFrisklivsgrupper – styrketrening inne og turgruppe ute Korleis kjem du i gang?Du startar med ein samtale med fysioterapeut som vurderer kva som passar for deg. Dersom det er aktuelt, får du tilbod om deltaking over ein bestemt periode.Ta kontakt med fysioterapitenesta – me hjelper deg å finne rett gruppe! Les meir på nettsida vår. Publisert 12.12.2025 10.27