Ein tom kafé, eit behov, ei språksatsing – Kulturkaféen i Suldal

Midt i Kulturhuset i Suldal, mellom kaffekoppar og kundar, finn du Helena. Ho er flyktningkonsulent ved Introsenteret i Suldal, kafédrivar og språkinspirator. Ho sjonglerer mellom den improviserte kontorpulten som står midt i kaféen og den daglege drifta, saman med deltakarar frå Introsenteret. Her blir det ikkje berre servert mat, men også språk, meistring og menneskemøte.

Tilsett ved kulturkafèen - Klikk for stort bileteKulturkafèen, Helena Moe Høines Suldal kommune

Kulturkaféen er ein språkpraksisbedrift, der flyktningar og deltakarar i introduksjonsprogrammet får prøve seg i arbeidslivet og trene på norsk i ekte situasjonar. Det handlar om å lære gjennom å gjere.
Med seg har ho blant anna Jan Einar. Han er norsklærar, og utdanna kokk og yrkesfagærar i ikkje mindre enn restaurant- og matfag med spesialisering innan dietikk og ernæring. Han smiler.  
-Det er språklæringa som er viktig her, ikkje like mykje matlæringa, seier Jan Einar. Han har jobba ved kulturkafèen sidan august.
-Eg er her som norsklærar, ikkje som kokk. Det er vanskeleg å skilje det, yrket mitt ligg jo «der», seier han og peiker på hjarta. 
Men, mat og kundebehandling gir naturlege situasjonar for språktrening. Deltakarane skal ta i mot bestillingar og prate med kundane i kafèen. Og, ved rolege tider i kafèen underviser Jan Einar om ferskvannskreps, bær, frukt, kjøt og fisk. 
-Me har også ein boks med språkoppgåver som kan takast fram i rolige periodar, fortel Helena. 
Deltakarane lærer gjennom å gjere, og gjennom å feile. Dei får oppgåver som utfordrar, og som gir rom for språk, i heilt ekte situasjonar. 
-Det gir ei anna type læring enn å lære språk i klasserommet, fortel Jan Einar.

 

Ruge på ein draum

Sjølve oppstarten som praksisbedrift skjedde i mars 25, etter ein lengre idéfase og vurdering blant Helena og kollegaene ved Introsenteret. Dei hadde over ein periode kjent på eit behov, mangel på praksisplassar for flyktningar, i tillegg til kjennskap om eit kjøkken som stod ubrukt. Introsenteret og kulturavdelinga var også inne i eit prøveår for å utforske samarbeidsarenaer – noko som opna for kreativ tenking og nye løysingar mellom dei. 

Tilsett ved kulturkafèen - Klikk for stort bileteKulturkafèen, Olena Dych Suldal kommune

Med Helena sin bakgrunn frå kafédrift og mange års erfaring med integrering og praksisplassar, tok ho og kollegaene sjansen på “learning by doing” metoden, med trua på at vegen blir til mens ein går.
Me hadde ruga på tanken lenge, fortel Helena. -Ein må våga å satsa for å vinna. Ein kan gjerne gjere godt forarbeid på førehand, men det er ikkje nødvendig å overdrive - for det vil som regel ikkje gå heilt som planlagt uansett, seier Helena med eit glimt i auga. 


Det som byrja som ein idé, har no blitt til eit eksempel for korleis me kan tenka innovativt om integrering og samarbeida mellom einingar. Kulturkaféen er ikkje berre Introsenteret sitt prosjekt, det er ein arena for læring og samarbeid med kulturhuset.

 

Våge å tenke nytt

Ein nøkkel til suksess har vore evna til å tenke nytt. I staden for å plassere folk i faste roller, har Introsenteret utvikla oppgåver som passar kompetansen og språknivået til kvar enkelt. Nokon jobbar med mat, andre med kundekontakt, og nokon med digitale oppgåver som å dokumentere dagen med bilde og tekst.
Kulturkaféen er også ein arena for kulturutveksling. Her blir det servert mat frå ulike land, og deltakarane får dele sine tradisjonar. Jan Einar fortel med glede om Blondekaka – ei kake som fort blei husets favoritt. 
-Pensjonistane likte den så godt at dei måtte få oppskrifta med seg, fortel han.

Tilsett ved kulturkafèen - Klikk for stort bileteKulturkafèen, Adam Ahmed Idriss og Shireen Mohammed Sirajmohammed Suldal kommune

Fredagsstemning på kulturkafeen

På fredagane er det Adam som styrer skuta på kulturkafeen, og denne fredagen var intet unntak. Med seg hadde han ei engasjert gruppe arabisktalande deltakarar, som var i full sving med vaffelsteiking på kjøkkenet. Oppdraget denne dagen var å ta imot ei gruppe pensjonistar, og stemninga var både varm og inkluderande. Adam fortel at arbeidet på kafeen gir verdifull erfaring med norsk arbeidsliv, og bidreg til både språkpraksis og sosial integrering. Kulturhusleiar Hanne Mette møter meg med eit smil og seier: -Velkommen til huset der alt kan skje!»– eit treffande uttrykk for den opne og mangfaldige møteplassen kulturkafeen har blitt.

 

Utfordringar som fører til vekst

Tilsett ved kulturkafèen - Klikk for stort bileteKulturkafèen, Helena Moe Høines Suldal kommune

Det har ikkje vore problemfritt. Fleire deltakarar har flytta, og det har vore periodar med få kandidatar. Prosjektet har ingen ønske om å vekse i form av å levere mat i stort, det er framleis språk- og arbeids treninga, kvalifiseringa som er viktigast. 
-Våre mål om språktrening i arbeid er eigentleg nådd, seier Helena. Men, det er spennande å følgja med på kva nye synergieffektar dette prosjektet ber med seg. 
Kulturkaféen er ikkje eit kommersielt prosjekt, det er først og fremst eit språk- og integreringstiltak. Målet har heile tida vore å drive økonomisk forsvarleg, utan å gå i minus.
Me har aldri hatt som mål å tene store pengar, men me må gå i null, seier Helena. – Dersom det blir eit tilstrekkeleg overskot, vil me heller bruke det til å tilby deltakarar lønna arbeid.
Samtidig er det viktig for Introsenteret å ikkje konkurrere med det lokale næringslivet.
Me ønskjer å vere eit supplement, ikkje ein konkurrent, understrekar ho.
Den sosiale verdien er minst like viktig som økonomien. Gjennom praksis i kaféen får deltakarane språktrening i kvardagslege situasjonar, innsikt i norsk arbeidsliv og kultur, og ikkje minst eit sosialt fellesskap.
Det handlar om å gi folk ei kjensle av meistring og tilhøyrsle. Det er slik me bygger både språk og sjølvtillit, seier Helena.
Fleire deltakarar har fått jobb etter praksis. Ein jobbar no på Fjordhotellet, ein annan har fått lønna arbeid på Kulturkaféen. Erfaringa gir dei noko å skrive på CV-en, og referansar frå ekte arbeidssituasjonar.

 

Kva vil de seie til bedrifter som ønsker å ta i mot nokon i språk- eller arbeidspraksis? 

Tilsett ved kulturkafèen - Klikk for stort bileteKulturkafèen, Adam Ahmed Idriss og Shireen Mohammed Sirajmohammed Suldal kommune

-Gjer det! Å ta imot ein deltakar i språkpraksis er gjerne enklare enn mange trur, og langt meir verdifullt enn ein kanskje ser ved første augekast, fortel Helena. 
Introsenteret og NAV støttar bedrifta gjennom heile prosessen: dei kan bestille tolk ved behov, gi rettleiing ved misforståingar og bidra med oppfølging. Det blir nytta ein standard praksisavtale med éi veke oppseiingstid, og det er inga langsiktig forplikting men ei moglegheit til å prøve.
-Me prøvar å matcha kandidat og bedrift, og eit eventuelt intervju organisert av oss kan også blir god trening for deltakarane, fortel Helena. 
Praksisperioden kan vare frå nokre månader til eit heilt år, og Helena fortel at oppgåvene blir tilpassa både bedrifta og deltakarane. Dersom det er rolige dagar, kan deltakarane jobbe med norskoppgåver – for litt praksis er alltid betre enn ingenting og all erfaring er verdifull erfaring, seier ho. Deltakarane er forsikra via kommunen og får utbetalt introstønad, så ingen jobbar gratis. Det er ei trygg og ansvarleg ordning, der bedrifta får bidra til integrering utan å kjenne på uro for ressursbruk.

 

Eit eksempel for andre – og ei oppmoding

Kulturkaféen er framleis i ein prøveperiode, men erfaringane er så langt gode: deltakarar kjenner tilhøyrsle, får erfaring og kjem vidare. Med dette eksempelet ønskjer dei å inspirere fleire til å opne døra. Erfaring frå praksisplass har i mange tilfelle vore avgjerande for at kandidaten har kome raskt ut i arbeidslivet.
Sjå mennesket, ikkje berre språket. Gi folk ein sjanse – og du kan få lojale, dyktige medarbeidarar seier Helena. Me må senke dei formelle krava litt, særleg til språket. Sjå heile mennesket, og invester i dei du har tru på, det krev kanskje meir tilrettelegging, men kan også gi mykje tilbake.
Ein deltakar kom frivillig i sommarferien – ho hadde ferie, men kom likevel fortel Helena. Det seier noko om kva Kulturkaféen betyr.

Prosjektet er framleis i utvikling, men det står seg som ein fin inspirasjon til andre bedriftsleiarar som ønsker å opna døra litt på gløtt slik at fleire kan få trena på språk og få kjennskap til norsk arbeidsliv i bedrift. Er du nysgjerrig og ønsker ein prat med Introsenteret? 

Ta ein telefon til Helena: 457 22 428